Fredag morgon stod Hareid og egyptiske Orion Sporting på kvar sin banehalvdel i semifinalen for 7ar-fotball i G16-klassa.

1999-årskullet, som har hatt for vane å nå langt i Norway Cup dei siste åra, opna kampen med eit solid overtak, og overraska egyptarare med høgt og intensivt press.

Og det skulle ikkje gå lang tid før fyrste målet kom. Ei avslutning frå Simon Holstad Grimstad etter 10 minutt fant vegen til stolperota og vidare inn i nettet.

Eit par minutt seinare fekk Hareid frispark i god posisjon, og William Valde Bigset banka ballen i mål.

Nydeleg scoring

Etter 2-0-målet verka det som Hareid skulle legge seg litt lavare, men det ville ikkje Grimstad ha noko av. Kampens fyrste målscorar sette fart frå eigen banehalvdel før han sende i veg ei prosjektil av eit skot som keeper ikkje ein gong rakk å få henda på.

Sjå video av målet i høgremargen!

Den kompromisslause stilen og den kontante avslutninga var det høg klasse over, og kampen verka køyrt. 3-0 stod seg til pause.

Heldt oppe trykket

- Jobben er ikkje gjort, så vi kan ikkje sleppe oss ned, sa ein engasjert Hareid-trenar, Benjamin Slettebakk, til spelarane i pausen.

Hareid-spelarane heldt fram det gode spelet, og var også i andre omgang det soleklart beste laget. Like etter sidebytte kom 4-0 når Bigset rykte seg fri og skaut ballen i mål frå kort hald.

Orion Sporting fekk seinare ei redusering på noko tilfeldig vis, men ein snuoperasjon var aldri i nærleiken av å skje. For etter 1-4 målet heva Hareid seg og punkterte kampen med to raske scoringar. Bigset drog seg fri på venstresida før han slo ballen vidare til Håvard Øvrelid som breisida ballen i mål. Få straksar seinare takla same mann inn 6-1 like føre nasa på ein utrusande Orion Sporting-keeper.

- Eg er stolt

Kampens store spelar, William Valde Bigset, var tydeleg fornøgd etter kampslutt.

- Eg er stolt over at vi som lag klarer å kome til finale. No er det berre å glede seg dei komande timane. Vi går «all in». Gullet skal heim til Hareidlandet, seier ein offensiv og fornøgd storscorar.

- Kva med din eigen prestasjon?

- Jo, eg kan seie meg fornøgd med den. To mål og to målgivande kan ein ikkje klage på. No må eg berre nullstille meg og gjere mitt beste for å gjere den same prestasjonen i finalen, avsluttar Bigset, som lovar gull.

I den andre semifinala gjekk Rosendal sigrane ut i møtet med Hammerfest. Dermed er det Hareid og Rosendal som møtes i finala kl. 14.45.

PS! Kampen sendast på TV 2 Sportskanalen

Hareid G14 skal spele bronsefinale. Her frå kampen mot Sandane i 1/16-finalen. Foto: Britt Brandal