Etter fleire gode resultat i årets turnering var det klart for finale i a-sluttspelet (7ar) for Hareids G16-lag.

Det einaste som stod i vegen for gullpokalen var Rosendal/Uskedal II, men det var aldri nokon tvil om kven som skulle ta «gullet heim».

Håvard Øvrelid sende Hareid i leiinga allereie i det femte speleminuttet, før William Velde Bigset auka leiinga litt seinare.

Les også: Enda med gull

Det stod 2-0 til pause, men Hareid var langt frå ferdige for ettermiddagen. Andreas Rise sette inn kampens tredje mål to minutt inn i den andre omgangen, før Bigset scora sitt andre for dagen med om lag 30 minutt på klokka.

Laget frå Kvinnherad fekk seg ei trøystescoring på eit hjørnespark i det 44. speleminuttet, men Hareid slo tilbake med ein gong då Bigset sikra seg eit hat-trick, før Isak Kristoffersen la på til 6-1 like etter.

Det betyr at Hareid kunne juble over ein svært imponerande finalesiger i årets utgåve av Norway Cup - og gull i guteklassen for 7ar-fotball.

Vann bronsefinalen

Også Hareid sitt G14 lag spelte semifinale i a-sluttspelet i 7ar-fotball fredags morgon. Dei tapte knipent mot UNRWA Football Team.

Det var mållaust til  pause, men så scora det palestinske laget i andre omgang og tok med det sigeren 1-0. Men sjansen om medalje levde framleis for Stig Endor Engen og co, ettersom dei skulle spele mot Farsund IL I i bronsefinalen.

Der vart det ingen match for Hareid, som vann heile 6-0.

- Det var einvegskøyring! Vi kunne ha vunne den kampen med 10-12 mål, seier ein svært nøgd Hareid-trenar Stig Endor Engen.

- Gode fotballspelarar

Engen seier det var nokre skuffa andlet då moglegheita om ein finaleplass gleppte mot UNRWA Football Team, men at dei viste god moral då dei skulle spele bronsefinalen.

- Vi var veldig klare på at vi skulle løfte humøret inn mot kampen, og det klarte dei veldig godt, rosar Engen.

- Og det var vel svært godt å få med seg ein medalje heim til Hareid?

- Ja, det er det absolutt. Dei som kjenner til fotball veit jo at det er vanskelegare å hevde seg i 11ar fotball enn i 7ar-fotball, men det er ein del gode fotballspelarar på dette laget her altså. Så det lovar godt for framtida, gliser han.

Hareid sitt G14-lag tok bronse tidlegare på dagen. Foto: Britt Brandal