- Glad, stolt, imponert. Det er dei tre orda eg trur dekkjer det meste, sa ein ordknapp Hareid-trenar Benjamin Slettebakk etter at han hadde sett laget sitt vinne a-sluttspelet i 7ar-fotball i G16-klassen.

- Dette er heilt vanvitig stort, det var fantastisk herleg, legg trenaren til.

God kampplan

Etter at Hareid hadde vunne overlegent 6-1 mot Orion Sportingtidlegare på dagen så følte Slettebakk at Hareid-gutane var flinke til å halde nervane i sjakk inn mot den siste kampen av årets Norway Cup.

- Vi følte oss veldig trygge på at dersom vi gjorde vår jobb 100 prosent så ville vi ta gullet. Alle var budde til kampen, og vi var klare på at vi skulle vere eit betre lag enn Rosendal/Uskedal II, seier ein bestemt Slettebakk, som la vekt på at alle visste kva dei skulle gjere.

- Sidan vi har så mykje tempo på dei tre framste spelarane så var kampplanen vår, som den har vore i heile turneringa, å ligge kompakt bakover og så skal det gå kjapt når vi vinn ballen. Den løpsviljen som gutane viste over ei så lang turnering er imponerande.

- Og så kom scoringa allereie etter 4-5 minutt?

- Det var akkurat som planlagt! Vi skulle sjokkere dei i løpet av dei første fem til ti minutta og gå «all in».

Hat-trickhelt

Kampens to store profilar var tremålsscorar William Valde Bigset og ein solid sisteskanse i Sigve Overå Hide. Sjølv om Slettebakk var oppteken av å rose heile laget, var han einig i at både Bigset og Hide markerte seg i finalen.

- Det er ikkje to mann som har vunne - det er eit heilt lag, men William og Sigve har vore av dei to beste i denne turneringa og stod absolutt fram i dag, skryt Hareid-trenaren, som også vann b-sluttspelet som spelar nokre år tilbake.

Bigset sjølv var godt nøgd med at han bidrog til gull i årets turnering.

- Det var kjekt å debutere i finalen med hattrick, fortalde han til TV 2 like etter kampen var slutt.

- Litt uverkeleg

Berre nokre få straksar etter at dommar Sander Huijs hadde blest av kampen var det klart for premieutdeling (sjå video øvst i saka!). Det var noko heilt spesielt for Hareid-trenaren.

- Det var litt uverkeleg at vesle Hareid skulle toppe heile Norway Cup, men det er ekstremt kjekt, ler Slettebakk.

- Korleis vil du oppsummere den siste veka då, Benjamin?

- Det har eigentleg vore eit eventyr. Denne gjengen er så samansveisa at vi har det så gøy saman. I tillegg så har vi fokus når vi skal ha fokus, og så koplar vi av og ladar opp når vi skal det. Det har vore ein draum, konkluderer 25-åringen.