Det opplyser Hareid IL sjølv på si eiga heimeside.

Spelarane som er på veg bort frå klubben er Hiwa Alipoor, Joachim Røyseth og Ola Kalvø Vattøy. Alle tre skal ifølgje klubben flytte til andre stadar i Noreg for å studere.

Les også: Håper på ein betre haust

Hareid legg til at dei også må klare seg utan Kristian Lassen Hove, som flytta før vårpausen.

Men 4.-divisjonsklubben får også truleg éin spelar inn også. Det er då snakk om eit comeback på Svein Inge Nesset, som har hatt ein lang pause.

*

PS! I fjerdedivisjon har også Larsnes/Gursken vore på «overgangsmarkaden» i sommar. Larsnesingen Christoffer Rekdal, veslebror til Andreas Rekdal, returnerer til moderklubben. Det opplyser klubben sjølv i ei pressemelding.

– Svært gledeleg å vere tilbake. LGFK signaliserer ei frisk satsing som eg vil ta del i. Eg er motivert for å bidra til vidareutvikling av klubben og oppnå sportslege resultat her på heimebane, seier Rekdal i pressemeldinga.