For Hareidlandet sin del starta dagen med forsøksheat på 800m for Hareid-utøvaren Ådne Andersen.

Der sprang han inn på andreplass i heat 3, på tida 2,02,58 - berre 0,14 sekund bak heat-vinnaren Emil Oustad frå Ren-Eng. Andersen skal då springe finale i 800m søndag ettermiddag.

Les også: Gull, sølv og bronse

Hareid-utøvaren hadde også meld seg opp til øvinga 3000m hinder, men 21-åringen valde å ikkje stille til start. Andersen har slitt med sjukdom før noregsmeisterskapen, og fortalde Vikebladet Vestposten at kan kom til å droppe denne øvinga dersom han ikkje kjende seg heilt i form.

Nytt sølv - og gull!

For Karsten Warholms del opna dag to av NM med lengdehopp. Der hoppa han 7,52 meter, som er 14 cm kortare enn hans personlege rekord. Det heldt likevel til ein ny sølvmedalje for 19-åringen.

Vinnaren av øvinga var Jonas Mögenburg frå Tyrving IL, som hoppa 7,59 meter.

Like etter var det klart for 400m hekk. I ein spanande sluttspurt klinka Warholm til med tida 51,09. Det heldt til ein solid siger, ny pers og endå ein gullmedalje for 19-åringen. Nest beste var Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø Tog IF med tida 51,50.

På spørsmål frå arrangørane like etter løpet hadde Warholm følgjande å seie:

- Eg hadde bestemt meg for å gå «all in» på 400m hekk. Så eg kan sjå tilbake på dette at det var gøy, sa ein svært sliten Warholm.

Ikkje vidare

For Renate Grimstad sin del er NM over for denne gong. På 100m sprang ho inn til ein 6.-plass i heat 3 på tida 12,78 sekund. Det heldt dessverre ikkje til avansement og kvalifiserte seg dermed ikkje til semifinalen seinare på dagen.

Slik er programmet for dei andre øvingane i årets noregsmeisterskap:

UtøvarØvingForsøksheatFinale
Karsten400m110m hekkLengde400m hekk48,85 sekundXXXGull, 47,39 sekSølv, 14,30 sekSølv, 7,52 mGull, 51,09 sek
Renate100m hekk100m14,04 sekund12,78 sekund6.-plass, 14,11 sekIkkje kvalifisert
Fride3000m kappgangXBronse, 15,24.17 min
Ådne3000m hinder 800mX2,02.58 minStilte ikkje til startSøn (13:10)