Denne veka har lovande idrettsutøvarar vore i Georgia for å tevle i ungdoms-OL. Tidlegare i veka tok Ingvild Meinseth, som er dotter til Frank Otto og Sølvi Meinseth og barneborn til Turid (f. Pilskog) og Tor Meinseth, bronse på 100m.

Laurdag slo 16-åringen til igjen, og sikra seg eit OL-gull på 100m stafett. Saman med Live Hilton, Tonje Fjellet Kristiansen og Ida Eikeng sprang dei først over målstreken på tida 46.54. Frankrike kom inn til andreplass på tida 46.67.

Meinseth har derfor fått med seg både ein gull- og ein bronsemedalje frå vekas ungsdoms-OL i Georgia.

PS! Ingvilds storebror, Even, deltek denne helga i friidretts-NM i Haugesund. Laurdag kveld sprang han finale i 100m, som blei eit svært jamt løp i teten. Meinseth sprang inn på tida 10,88 - berre seks hundredelar bak gullvinnaren Jaysuma Saidy Ndure.

I semifinalen sprang Meinseth inn til tida 10,46 - som ville ha blitt ny, norsk juniorrekord hadde det ikkje vore for at medvinden var for sterk.