Denne veka har AaFK-spelar Thomas Skog Martiniussen trena med Hødd. Det er ein spelar Hødd har hatt under lupen i lang tid.

- Thomas er ein spelar som, trass ung alder, har spelt ganske mykje i Tippeligaen for Aalesund, men har vel ikkje heilt klart å spele seg fast inn på laget. Det er ein spelar vi har følgd med ganske lenge, fortel Hødd-trenar Sindre Eid, og legg til at det er ein spelar som kan passe inn i Hødd.

- Han er klok, ein god pasningsspelar og er berre 19 år enno. Så han kan vere ein spelar for oss, men det er det ikkje berre vi som avgjer; det er opp til Thomas sjølv og klubben hans sjølvsagt.

- Ingenting er uaktuelt

Ifølgje Eid oppfyller den unge ålesundaren ein del av dei kriteria som Hødd ser på som ønskjelege:

- Lokale, unge spelarar er alltid spanande for oss. Thomas er i den kategorien der. Vi tenkjer både på kort sikt og på stallen neste år også, som skal vere god, så vi må følgje med på kva som skjer rundt oss, seier Eid.

- Kan det vere aktuelt å hente han inn på lån i haust, kanskje?

- Ingenting er uaktuelt per no. No er vindauget ope, og vi må vere på tå hev heile tida. Han er definitivt ein aktuell spelar for oss, men om det blir no eller neste år får tida vise. Som sagt: det er ikkje berre opp til oss, påpeikar Hødd-sjefen.

Tett dialog

I tillegg til Martiniussen var den tysk-ghanesiske forsvararen Davidson Drobo-Ampem på prøve hos Hødd sist veke, men drog på seg ein ryggskade. Sportssjef i Hødd, André Nevstad, sa den gongen at 27-åringen er ein bra match for Hødd.

- Er han framleis aktuell, Sindre?

- Han er framleis aktuell. Vi var i dialog med han seinast på onsdag. Ting kan skje – og når det skjer så kan det skje ganske fort. Det er mykje som skjer i denne perioden og så må ein berre halde tunga beint i munnen og bruke den tida som trengs for å gjere det arbeidet som må gjerast før vi set pennen på papiret. Då skal vi vere så sikre som vi kan vere, seier Eid.

- Og kva tilbakemeldingar har de fått på ryggskaden til «Dave»?

- Det var ikkje noko alvorleg, så ryggen er så å seie i ferd med å bli bra, smiler Eid lurt.