- Dette var mykje likt bortekampen mot Kristiansund sist helg, sa dei to sandssokningane Magnus Myklebust og Bendik Dybdal Torset etter at Hødd hadde slått Bærum 4-2 i Obosliga-kampen på Høddvoll søndag.

- Ein rotete 1. omgang, og så tok vi oss saman i 2. omgang.

Mot Kristiansund vart det tap med 2-1. Mot Bærum gjekk det Hødd sin veg etter at laget varta opp med festfotball og tre flotte mål i 2. omgang.

Dei to sandssokningane var spesielt aktive i Hødd sin flotte periode og rada opp ei rekke gode angrep på høgresida. Dei sikra Hødd-sigeren med mål nummer 3 og 4.

I den rotete 1.-omgangen skal Hødd prise seg lykkelege over at Bærum ikkje fekk større utteljing på sjansane sine. Ex-høddar Kristoffer Tollås gav gjestane 1-0 i det 18. minutt, men luftsterke Steffen Moltu gjekk fram på eit cornerinnlegg frå Aasbak og stanga inn 1-1 (21. minutt), som var pauseresultatet. Faktisk litt flatterande for Hødd.

I 2. omgang var det atskilleg meir vilje og konsentrasjon i Hødd-spelet – og publikum vart til tider vitne til rein festfotball.

Dei tre måla i denne omgangen var kort sagt praktfulle.

2-1 kom då Eirik Ulland Andersen fyrte av frå 20 meters skrått hald. Ballen sat der han ofte sit når Andersen får det til: i vinkelen.

Då var 67 minutt av kampen gått – og berre minuttet etter forserte Bendik Dybdal Torset seg langs 16-meteren til Bærum, slo vegg med Andersen, som hælsparka til Torset, som foretok ei slags overlapping og meide ballen ned i venstre hjørne. Dermed 3-1.

Tomålsleiingar kan vere farlege å kvile seg på – og brått hadde Bærum redusert ved Njre (73. minutt) etter svak Hødd-oppdekning på eit overlegg.

Men så var det desse sandssokningane då: Fredrik Aursnes slo ei strøken pasning inn i Bærum sin 16-meter der Magnus Myklebust gjekk på gjennomløp. ”Mikke” Karlsen forstod teikninga og hoppa over ballen – og Magnus Myklebust tok imot og feia ballen kontant i mål. 4-2 i det 77. minutt – og deretter var det grei skuring inn til 3 poeng og 28 poeng på tabellen etter 17 kampar. Hødd held 3.-plassen, men Brann, som har ein kamp til gode, kan passere med siger i sin kamp nr. 17.

Hødd stilte dette laget frå start: Aslak Falch, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Jesper Törnqvist, Jonas Ingebrigtsen, Ole Amund Sveen, Bendik Dybdal Torset, Fredrik Aursnes, Magnus Waade Myklebust, Torbjørn Kallevåg, Eirik Ulland Andersen.

Innbytte: Mikael Karlsen 22 minutt for Kallevåg, Joakim Wrele 11 min. for Torset, Vegard Heltne i 3 min. for Ulland Andersen.

Andre kampar denne helga: Jerv-Sandnes Ulf 0-0, FFK-Hønefoss 1-1, Bryne-KBK 2-0, Nest/Sotra-Follo 0-0, Strømmen-Åsane 1-0.