Hødd 2 opna haustsesongen med ein vanskeleg bortekamp mot Herd, laget som låg på andreplass i avdelinga etter halvspelt sesong.

I opninga på Herdbana såg det ut til at begge laga sleit med å kome skikkeleg i gang att etter sommarpausen, men etter om lag 12 minutt bestemte Isak Haanes seg for å lage kaos i Herd si forsvarsrekkje. Han vann ballen høgt i bana ute på sin venstrekant, såg opp og slo eit flatt innlegg mot Michael Karlsen. Den høgreiste spissen hoppa over ballen som trilla vidare til Bendik Rise. Ungguten gjorde ingen feil og sette ballen presist ute ved stolperota. 1-0 til Hødd 2 på kampens første skikkelege sjanse.

Det var bortelaget som skapte det som var å snakke om i den første omgangen, med spesielt Isak Haanes, Bendik Rise og Sondre Beite som viktige bidragsytarar offensivt. Sistnemnte hadde ein kjempesjanse då han runda keeper, men avslutninga vart stoppa av ein Herd-forsvarar som fekk kasta fram ein lang fot før ballen passerte målstreken.

Sjanselaust heimelag

Michael Karlsen var også på jakt etter mål og kom nære med ein lobb frå nærare 30 meter. I staden var det Beite som ikkje takka nei då han fekk sin andre store sjanse i den første omgangen. Nok ein gong var det Haanes som stod bak, då Beite vart spelt vakkert gjennom Herd-forsvaret. Åleine med keeper var Beite roleg og trilla ballen kontrollert forbi keeper.

I banespelet var det ikkje veldig stor skilnad på laga i den første omgangen, men Hødd var klart farlegare enn Herd, som ikkje hadde ein einaste skikkeleg sjanse i løpet av dei første 45 minutta. Hødd hadde derimot ei rekkje store sjansar og kunne nok ha scora både fire og fem mål før dommaren bles av.

Med om lag ti minutt att til kvilen var det Isak Haanes sin tur til å vere sist på ballen. Vegard Heltne gjekk på eit flott raid opp frå sin venstreback, trekte seg inn langs linja og spelte 45 grader ut til Haanes som kontrollert sette ballen i mål på første berøring. Eit godt og effektivt Hødd 2 leia med 3-0 til pause.

Herd-press etter kvilen

I den andre omgangen tok heimelaget meir og meir over spelet, men utan toppscorar Kenneth Diallo var heimelaget lenge heilt ufarlege framom målet til Ole-Monrad Alme.

Det tok om lag 60 minutt før heimelaget kunne registrere sine første skikkelege sjansar og då 63 minutt var spelt fekk laget noko tilfeldig ei redusering. Preben Sætre sende i veg ei avslutning som gjekk via eit Hødd-bein og i ein boge over keeper til 1-3. Med redusering fekk heimelaget verkeleg blod på tann og dei tok meir og meir over, medan Hødd ikkje fekk til overgangane og kombinasjonsspelet dei lukkast med i den første omgangen.

Preben Sætre scora sitt andre for dagen etter at Herd snappa eit utspel frå keeper og med 15 minutt att på klokka vart det dermed ei nervøs avslutning på kampen. Herd hadde også sjansane til å få utlikninga i sluttminutta, men då laga gjekk inn i overtida punkterte Hødd kampen.

Karlsen-scoring

Michael Karlsen gjorde ein sterk jobb på topp då han vann ballen frå Herd-forsvaret. Spissen spelte deretter ballen forbi ein forsvarar og sette full fart mot Herd-målet. Herd sin keeper kom ut for å gjere det vanskelegare for Karlsen, men spissen visste råd og lobba ballen vakkert over målvakta og inn i nettmaskene. Ei viktig scoring både for Hødd 2 og for Karlsen.

Dermed fekk Hødd 2 ei svært god opning på haustsesongen, med tre sterke poeng mot eitt av topplaga i avdelinga.