Torsdag startar den årlege talentleiren på Høddvoll. Då skal ei rekkje gutar og jenter (2000-03) som er tekne ut på bylag Team Søre vere med på treningar, kampar, møter og meir sosiale arrangement.

I tillegg til Team Søre er det også krinslagsamling på Høddvoll frå fredag til sundag.

Les også: Uttak av by- og krinslag

Det blir eit skikkeleg opplegg for deltakarane på talentleiren, med to treningar for dag og aktivitet frå morgon til kveld. Spelarane overnattar på Ulstein vidaregåande skule.

Følg med på Vikebladet.no for reportasjer frå talentleiren mot slutten av veka.