Det er ikkje meir enn få dagar sidan Larsnes/Gursken FK offentleggjorde at dei hentar heim Christoffer Rekdal, og no har 4.-divisjonsklubben henta heim nok ein tidlegare LGFK-spelar frå Herd.

I ei pressemelding frå Larsnes/Gursken går det fram at klubben styrkar laget ytterlegare med Oskar Gunnarstein. 25-åringen har tidlegare spelt meir enn hundre kampar for LGFK, i tillegg til å ha spelt for Hareid og vore ein del av Hødd sin rekruttstall.

- Det er svært gledeleg å få Oskar tilbake, seier hovudtrenar i LGFK Anders Vaagen i pressemeldinga. Han kan no gle seg over å få på plass to nye spelarar før haustsesongen startar opp att 15. august. Klubben ser også på mogelegheitene for å gjere endå fleire signeringar.

Gunnarstein gjekk frå LGFK til Herd sommaren 2014.

Les også: Tre ut og éin inn

Larsnes/Gursken ligg på ein 9. plass med 15 i 4.-divisjon etter halvspelt sesong. Det er to poeng framom Hareid på 10. Dei to laga møtest ikkje igjen før i siste serierunde. Hareid tok dei tre poenga på River Plate før sommarpausen.

Les også: Håper på ein betre haust