Tidlegare i sommar har både Davidson Drobo-Ampem og Thomas Skog Martiniussen trent med Hødd, men detvar ingen av dei klubben trekte opp av hatten torsdag.

I staden vender briten Robin Shroot tilbake til Ulsteinvik etter ein halv sesong hjå opprykksjagande Sogndal. Sist sesong scora Shroot heile 16 seriemål i førstedivisjon for Hødd, men så langt i år har han berre starta seks av kampane til laget som toppar Obos-ligaen.

No blir han altså igjen å sjå i «blåkvitt», og då håpar nok Hødd at 27-åringen skal kunne hjelpe laget til fleire scoringar frå spissplass. Til no i år har verken Joachim Magnussen eller Michael Karlsen levert meir enn eitt seriemål kvar, og berre Eirik Ulland Andersen med 10 mål har scora meir enn fire gongar i serien.

Den nye signeringa vil også gje Hødd fleire alternativ på topp. Shroot er ein heilt annleis type som spiss enn dei to som har spelt mest på topp denne sesongen, og gir Sindre Eid andre mogelegheiter.

I ei pressemelding frå Hødd går det fram at Shroot har signert ei kontrakt med Hødd ut 2017-sesongen.

Sportssjef Andre Nevstad seier følgande om signeringa: - Vi er veldig glade for å ha sikra oss Robin. Han kjenner spelargruppa og klubben, måten vi spelar på og vil styrke oss både på kort og lang sikt. Robin passar fint inn i måten vi spelar på, og vil vere ein klar bidragsytar i gruppa frå dag ein.

Trenar Sindre Eid seier følgande om signeringa av Shroot: - Det er eit godt signal på at klubben har ambisjonar. Det at Robin ønska seg tilbake hit er også eit signal på at vi gjer mykje rett i Hødd. Kjekt å få inn nok ein god spelar i troppa, og Robin vert viktig for oss både på kort og lang sikt. Han er ambisiøs, dedikert og proff i alt han gjer, og vil tilføre spelargruppa mykje både på og utanfor bana.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med meir.