- Eg er verkeleg glad for å vere tilbake og for å vere ærleg så har eg prøvd å kome tilbake endå tidlegare. Det er ei god kjensle å vere tilbake på ein plass der ein verkeleg kjenner seg verdsett, fortel Robin Shroot etter å ha fullført si første trening etter returen til Høddvoll.

Og torsdag var det nesten ein eim av 2014 på den kortklipte grasbana som ikkje lenger er like mykje brukt. Hødd var tilbake på gamle trakter. Robin Shroot banka ballen i mål.

- Det viktigaste for ein fotballspelar er å spele fotball og kunne utvikle seg. Når det er slik at du gjer alt i di makt, men likevel ikkje får spele så byrjar ein å stille spørsmål ved om karrieren er på rett veg.

Passa ikkje inn

I Sogndal-trøya blei det berre seks seriekampar frå start, med den siste i heimekampen mot Hødd der han scora Sogndal sitt mål. Kampen enda med 1-1. I tillegg vart det fem innhopp.

- Då eg kom til Sogndal starta ein med ein ny filosofi, der ein ønskte å spele fotball og det skulle handle om spelarane. Eg håpar dei framleis vil kome til å gjere det på eit tidspunkt, men etter nokre av dei tidlege kampane verka det som at ein gjekk vekk frå denne filosofien, byrja å spele meir direkte og la om til 4-4-2. Då trur eg det vart vanskeleg for dei å finne ein måte der eg passa inn.

Shroot legg til at han synest Eirik Bakke har vore fantastisk med han. - Han gav meg ei ærleg tilbakemelding om at eg truleg ikkje ville kome til å spele så mykje.

Får utvikle seg

Derfor er det ekstra godt for Shroot å kunne kome tilbake til ein klubb der spelestilen passar han, og der han har blitt teken svært godt imot både i og rundt klubben.

- Ein veit aldri korleis ting kjem til å gå i livet, men eg veit at den kjensla eg hadde då eg spelte for denne klubben sist sesong, det er den beste kjensla eg har hatt med fotballen i løpet av dei sju åra eg har vore profesjonell. Måten trenarane, fansen og spelarane var mot meg, det er slikt som gjer at spelarar ønskjer å kome til ein klubb, meiner Robin Shroot, før han legg til.

- Her veit du at du får lov til å utvikle deg, for det er dét som er filosofien til klubben. Og slike klubbar er attraktive, slår han fast.

Shroot håpar på å vere tilgjengeleg for Hødd allereie til kampen mot Åsane, og då vil han gjere betale tilbake litt etter å ha reist frå klubben i vinter, og ikkje minst etter å ha scora mot Hødd på Fosshaugane.

- Det var hjarteskjerande. Eg kunne sjå at supporterane herfrå ikkje var spesielt nøgde med det. Eg ville ikkje at nokon av dei skulle synest eg var ein dårleg person, eg elskar denne klubben, men nokre gongar må ein gjere vanskelege val her i livet.

Les også: Sjå kven som er tilbake!

Shroot fortel at han har vore litt nervøs i forhold til kva mottaking heimesupporterane vil gje han.

- Eg håpar at når eg drar på meg den blå drakta og går ut av spelartunnelen, så har eg vertfall 95 prosent av dei på tribunen på mi side, på bakgrunn av det eg gjorde sist sesong. Det trur eg, for då eg spelte mot Hødd for Sogndal og gjekk til Hødd-supportarane for å takke dei for kampen, så klappa alle for meg, ingen sa noko stygt, men eg kjende meg roten innvendig.

Første møte med heimepublikumet på nye Høddvoll blir truleg neste søndag, når Hødd tek imot Levanger i den 20. serierunden.