Nordvest Maraton på laurdag

Den 25. utgåva av løpet går av stabelen til helga.

Louise Skak frå Danmark vann kvinneklassa i Nordvest Maraton i 2014. Ho sette ny løyperekord, med tida 3.21.27.   Foto: Leiv Arne Grimstad.

Sport

Laurdag går startskotet for årets utgåve av Nordvest Maraton på Hareid. Som i 2014 er både start- og målgang på Hareid stadion og løypa går fram forbi Grimstadvatnet og deretter rundt Grimstadvatnet. For dei som skal springe halvmaraton betyr det ei runde, medan dei som konkurrerer på heilmaraton må ut på ei andre runde.

Deltakarane på heilmaraton kjempar om førstepremie på 2000 kroner, medan vinnarane av halvmaraton får 1000 kroner.

I fjor var det Helge Hafsås frå Olden som vann herreklassa  med tida 2.58.53, medan danske Louise Skak vann heilmaraton for kvinner. Ho sette ny rekord i kvinneklassa med 3.21.27.

På halvmaraton var det Joar Moldskred som toppa herreklassen med 1.24.29 og Tonje Brande som vann kvinneklassa med 1.30.47.

I 2014 hadde Nordvest Maraton det høgaste deltakartalet sidan 1997. 66 deltakarar var påmeldt, 21 på heil distanse og 45 på den halve.