Fredrik Klock la opp på topp etter å ha vore med på å sikre cupgull saman med Hødd i 2012. Stopparen som også har spelt for mellom anna AaFK og Brann var ein viktig defensiv brikke i laget som tok cupgull, men valte å legge fotballen på hylla etter 2012-sesongen.

No ser det imidlertid ut til at veteranen kan kome til å gjere comeback i 3.-divisjon, og det mot Hødd sitt andrelag.

Klock er nemleg i troppen til Skarbøvik IF framom heimekampen mot Hødd 2 tysdag. Dersom det blir speletid på Klock får han mellom anna møte sin tidlegare kollega Erik Sandal, som er ein av spelarane frå Hødd sin A-tropp som er med mot SIF.

Skarbøvik har plukka åtte poeng på dei første 16 kampane i 3.-divisjon og har 12 poeng opp til sikker plass. Laget har ein kamp mindre spelt enn Årdal som ligg på den siste trygge plassen i avdelinga.