Tysdag kveld kvalifiserte Malmø FF seg til gruppespelet i Meisterligaen (Champions League). Malmø gjer dermed på same måten som i 2014/15 sesongen, då laget som er leia av Åge Hareide tok seg til gruppespelet der dei møtte Juventus, Atletico Madrid og Olympiacos.

I år var Hareide involvert i ein heilnorsk trenarduell, då laget møtte skotske Celtic, med Ronny Deila på trenarbenken.

Celtic hadde ei 3-2 leiing frå første kampen mellom laga, som vart spelt i Skottland. På heimebane var Hareide sine menn likevel det sterkaste laget og med scoring frå Rosenberg i den første omgangen og eit Celtic-sjølvmål i den andre var det heimelaget som tok seg vidare med 4-3 samanlagt.

Gruppespelet blir trekt torsdag denne veka, og då får Hareide vite kva lag hans Malmø skal kjempe mot denne hausten.