Hødd 2 møtte tysdag kveld Skarbøvik IF til bortekamp i 3.-divisjon. Der møtte dei mellom anna ein gamal kjenning i Fredrik Klock, som gjorde comeback på fotballbana, no som spiss for Skarbøvik.

Sondre Beite sende Hødd 2 i leiinga med sitt 13 mål denne sesongen etter om lag eit kvarter, men SIF utlikna like før pause ved Adnan Idrissi.

Fredrik Klock fekk om lag 60 minutt i sin retur på fotballbana, men klarte ikkje å hjelpe Skarbøvik til poeng denne gongen.

Like før slutt var det i staden Sondre Beite som var frampå for Hødd 2. Han blei felt av Svein Egil Løseth inne i 16-meteren, og dermed var det klart for straffe til bortelaget. Det tok Hødd-veteran Erik Sandal seg av, og sikra dermed dei tre poenga til Hødd 2.

Kampfakta:

Skarbøvik - Hødd 2 1 - 2 (1-1)

Skarbøvik Stadion

Dommar: Øystein Simon Ytterland, Valder IL

Gule kort: Aleksander Rekdal (Hødd 2), Svein Egil Løseth (89)

Mål: 0-1 Sondre Beite (15), 1-1 Idrissi (42), 1-2 Erik Sandal (90)

Hødd 2: Ole-Monrad Alme - Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid, Aleksander Rekdal, Isak Haanes - Erik Sandal, Eirik Franke Saunes (Daniel Haanes 77), Bendik Rise - Sondre Beite, Benjamin Mork Kleppe, Sveinung Tilseth Sæterås (Håkon Botn Brautaset 66).