Hødd skriv onsdag på sine nettsider at den franske midtstopparen Darnel Situ på det næraste skal vere klar for klubben. Ifølgje Hødd.no er det nokre formelle ting som ikkje er på plass endå, men Situ skal ha si første trening med Hødd onsdag ettermiddag.

Overgangsvindauget kom og gjekk utan forsterkingar i forsvar, men no kan Hødd ha funne sin nye spelar.

Situ vart fostra opp i ungdomsavdelinga til den franske League 1-klubben RC Lens, og vart seinare ein del av klubben sin seniortropp, men fekk berre ein cupkamp for Lens.

Stort talent

Darnel Situ har spelt på ei rekkje aldersbestemte landslag for Frankrike, og var tidleg i karrieren eit ettertrakta talent, med interesse frå storklubbar som Manchester United, Chelsea og Liverpool.

I 2011 gjekk spelaren på lån til Premier League-klubben Swansea City, der overgangen etter kvart vart gjort permanent og spelaren blei verande i klubben fram til 2014. Det blei likevel ingen offisielle kampar for A-laget til Swansea i løpet av denne perioden. Etter å ha vore på benken for førstelaget hausten 2012 rauk Situ akillessena i ein reservelagskamp, og vart sett ut av spel i nesten eit heilt år.

Deretter gjekk turen vidare til danske AGF før 2014-2015 sesongen, der han fekk seks kampar for førstelaget. Etter å ha slitt mykje med skader fekk ikkje Situ forlenga kontrakten sommaren 2015 og står dermed utan kontrakt. No i sommar har forsvarsspelaren mellom anna trent med Sogndal.

Hødd har per dags dato berre to reine stopparar i førstelagstroppen. Tidlegare i sommar var Davidson Drobo-Ampem på prøvespel med klubben, men utan at det har ført til noko meir.

Les også: Hødd testar tysk forsvarar