Hødd vil holde fram med utstyrsleverandøren Umbro til 2020. Klubben melder på sine nettsider at partane har underteikna ei ny femårskontrakt. Hødd har hatt Umbro som utstyrsleverandør sidan 2003.

Dagleg leiar André Nevstad seier til Hødd sine nettsider at det var eit naturleg val å halde fram samarbeidet med Umbro.

- Hødd har oppnådd mykje siste åra, og har spennande ting på gong på nye Høddvoll. Klubben har vore partner i mange år, og er ei god merkevare for oss i Umbro, også lokalt. For oss er det veldig positivt å ha signert ein ny og lang avtale med Hødd, fortel Geir Nordahl frå Umbro til Hødd.no.

Les også: Blir truleg Hødd-spelar