Onsdag sleppte Hødd nyheita om at klubben truleg vil signere den franske midtstopparen Darnel Situ, og at det berre er formelle detaljar som står att før avtalen er klar.

Same dag trente han med Hødd for første gong, og då fekk Hødd-trenar Sindre Eid sett litt på spelaren som i sin ungdom var kopla til storklubbar i heile Europa.

– Vi har sett etter ein spelar til i forsvarsleddet. Primært fordi vi berre har to reine stopparar i A-troppen. Det er alltid ein risiko og så langt har vi vore heldig, men vi ønskjer å styrke det bakre leddet.

Les også: Blir truleg klar for Hødd

Har vore uheldig

Sindre Eid fortel at Hødd har fått veldig gode referansar på spelaren, som spelte 49 aldersbestemte landskampar for Frankrike (U16 – U19).

- Frankrike er ingen liten fotballnasjon, så det tyder på kvalitet. No har han hatt ein del skader og vore uheldig, men vi har han her no og så får vi sjå.

Er skadehistorikken noko som uroar Hødd?

– Nei, vi har hatt både ein medisinsk og ein fysisk test på han i dag. Så han er frisk og klar. Det er klart at han har hatt nokre år med skader, men no er han frisk. Vi hadde ikkje gått for dette om vi følte det var ein risiko, fortel Eid.

Det var nok likevel fleire som heldt pusten då Situ gjekk ned og heldt seg til leggen undervegs i treninga, men franskmannen var raskt på beina igjen.

– Vi har fått gode referansar, han har ein bra CV og er framleis ein ung spelar. Det er spanande! slår Eid fast.

Breidde kan verte avgjerande

Må Hødd hente inn ein ny forsvarar?

– Spelarstallen er alltid i utvikling, det er ein kontinuerleg prosess både på kort og lang tid. No har vi hatt to stopparar som har spelt alt av kampar og prestert godt, men vi veit at det kan kome skader og det kan kome suspensjonar. Det er viktig å ha betre dekning også i den posisjonen.

Eid legg til at sidan Hødd ligg der dei gjer på tabellen, med kvalifisering som ei klar mogelegheit, så kan det bli mykje kampar utover hausten.

– Det å ha ein sterk og god stall kan verte avgjerande utover hausten.

Kva veit de om Situ som type?

– Ikkje så altfor mykje, men når ein ser på at han har vore kaptein på alle dei aldersbestemte landslaga han har spelt på, så seier det litt om han. Du blir ikkje kaptein utan at du er ein skikkeleg type. Eg har snakka litt med Situ og han verkar som ein veldig fin fyr, stille og roleg. Vi har fått eit godt førsteinntrykk av han, fortel Hødd-trenaren.

André Nevstad har vore i Oslo og kunne derfor ikkje svare på kva som står att før Situ kan vere klar for Hødd, men Sindre Eid reknar med at alt vil vere klart i løpet av kort tid.

Under si første trening med Hødd såg det ut til at Situ var ein spelar med bra ballbehandling og fart, men sidan dei fleste spelarane i troppen gjenomførte ei restitusjonsøkt fekk ein ikkje sett forsvarsspelaren i spel på stor bane.