– Dette er ein vakker stad. Ulsteinvik liknar litt på Wales, det er grønt, flott natur og ligg ute ved havet. Og det regnar, smiler Darnel Situ.

Den 23 år gamle franske forsvarsspelaren sit ved eit bord på Høddvollhuset og ser utover den søkkvåte grasbana. Torsdag vart det klart at Situ skal spele i blåkvitt ut 2015-sesongen, og at Hødd endeleg har fått betre dekning og meir konkurranse på stopparplassane.

Historia om franskmannen frå Rouen kunne vore ganske annleis. Han spelte og var kaptein på ei rekkje aldersbestemte landslag, fekk fotballutdanninga si gjennom RC Lens sitt akademi, og var svært nære å verte Manchester United-spelar som 17-åring.

– Det var nære. Veldig nære. Eg venta berre på at klubbane skulle verte einige. Sjølv hadde eg ein avtale med United, hadde vore der og alt var klart for ein overgang, men det blei aldri noko av.

Darnel kom til Lens som 11-åring og blei verande i ni år.

– Klubben har eit veldig godt akademi, og mange fantastiske spelarar har kome derfrå, seier Situ og nemner spelarar som Varane, Kondogbia og Aurier.

Skadd i nesten to år

I 2011 vart Situ henta til walisiske Swansea City, først på lån, og deretter permanent.

– Wales var fantastisk. Litt som Ulsteinvik, men større og med fleire bygningar. Ikkje så veldig stort, men med fantastisk flotte menneske.

I Swansea hadde han både noverande Liverpool-manager Brendan Rodgers og Michael Laudrup som sjefar.

– Dei er store managerar og eg lærte utruleg mykje både av dei og av spelarane rundt meg.

Darnel Situ blei verande i Swansea i nesten fire år, men han fekk ingen offisielle kampar for førstelaget.

– Eg skada akillesen temmeleg alvorleg, noko som heldt meg ute av spel i nesten eitt år, og etter det sleit eg veldig med å kome skikkeleg tilbake, med fleire tilbakeslag og småskadar. Så til saman var eg ute i nesten to år.

Forsvarsspelaren seier at det ikkje var vanskeleg å motivere seg for å kome tilbake på fotballbanen, men at følgeskadane seinare var tøffare å takle.

– Eg fekk fleire og fleire småskadar, og då tenkte eg på å gje meg. Heldigvis har eg familien min som støtta meg og trua mi på Gud. Det gjorde at eg klarte å halde fram og framleis har draumen om å lukkast.

Kontinuerleg læring

Sist sesong spelte Situ i Danmark, for AGF som rykte opp til Superligaen medan han var i klubben. Der spelte Darnel mellom anna med Johan Lædre Bjørdal, som tidlegare denne sesongen gjekk til Rosenborg.

Situ meiner han hadde godt av opphaldet i Danmark, og at han også her lærte mykje, men som tidlegare fekk han trøbbel med skader.

– Eg vart nok brukt for tidleg. Eg hadde vore skadd før eg kom til klubben, og vart sett i spel umiddelbart. Eg angrar likevel ikkje på at eg gjekk dit, eller på noko av det eg har gjort i karrieren min. Alle stadane eg har vore så har eg lært noko nytt, og gjort meg nye erfaringar. No håpar eg å ta meg med dei erfaringane til Hødd og kunne hjelpe klubben så mykje som mogeleg, og kanskje klarer vi også opprykk.

I sommar har 23-åringen trent med eit lokalt lag heime i Frankrike og meiner sjølv at han er i bra fysisk slag, men at han har bruk for litt kamptrening før han er heilt på topp.

– No kjem eg hit midt i sesongen, så rytmen og tempoet er litt annleis, men eg trur ikkje det skal ta så lang tid før eg er på rett nivå. Eg er klar for å spele, smiler midtstopparen.

Spelande stoppar

Kva type er du som fotballspelar?

– Ein ganske typisk stoppar, trur eg.  Ein som likar å duellere og å vere på angriparane. Eg likar også å spele ballen, ikkje berre sparke den vekk for tidleg.

For Situ var det å kome til nye Høddvoll med den kunstige speleflata ei ny utfordring, men samstundes noko som passar ein spelar som likar å halde ballen langs bakken.

– Det tek litt tid å venje seg til, men så lenge bana er vatna og eg har rett type sko, så går det veldig fint. Det er ei flott bane å spele på. Perfekt for å spele ballen raskt langs bakken.

Onsdag hadde Darnel si første trening saman med sine nye lagkameratar.

– Eg har blitt teken veldig godt imot. Både av dei tilsette i klubben og av spelarane. Til no har det gått veldig fint. Det har ikkje vore noko problem for meg og eg kjenner meg veldig velkomen i klubben, seier Situ.

Kor mykje visste du om Norge før du kom hit?

– Må eg seie sanninga?, ler Darnel, før han held fram:

– Eg visste litt. Då eg var yngre spelte eg mot norske aldersbestemte landslag, så eg visste litt, men ikkje så mykje.

Vil verte så god som mogleg

Situ fortel at han så langt ikkje har merka så stor skilnad frå Wales og Danmark til Norge, men han fortel samstundes at måten har blitt tatt hand om i Ulsteinvik har vore spesiell.

– Eg har aldri blitt teken så godt vare på som etter eg kom hit. Dei tek seg veldig godt av meg, er jordnære og snille. Fotball er eit spel og kjennest det som at alle er veldig glade for å vere her.

Situ er framleis ein ung spelar, og kan ha dermed ei lang karriere framfor seg, så sant han får kontroll på skadeproblema han har slite med sidan overgangen til Swansea. Og med eit potensial som gjorde at mange europeiske toppklubbar låg langflate etter Situ i tenåra, er det ikkje sikkert norsk 1.-divisjon blir siste stoppestad.

– Eg ønskjer å nå så langt som eg kan. Kanskje vinne Ballon D´Or? skjemtar Situ før han bryt ut i latter.

– Eg trur ikkje ein kan sette noko grense, men kvar dag eg har mogelegheita til å vere ute på fotballbana så ønskjer eg å gjere alt eg kan for å verte så god som eg kan. Eg har fått ei fantastisk moglegheit og takkar Gud for at eg kan prøve å nå så langt som mogleg.

Franske Darnel Situ har opplevd mange nedturar på fotballbanen dei seinaste åra, med mykje skadetrøbbel, både i Wales og Danmark. No håpar han på å kunne bidra til å løfte Hødd. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes