Dimna-utøvaren Fride Møller Flatin var for første gong utteken på juniorlandslaget i friidrett til nordisk mesterskap i kappgang i Espoo i Finland, der det også blir arrangert nordisk juniorlandskamp denne  helga. Møller Flatin er ein av to landslagsdebutantar under stemnet i Finland.

Fride har imponert tidlegare denne sesongen, med bronsemedalje både i senior-NM og junior-NM på 3000 meter kappgang.

I Finland konkurrerte Møller Flatin på 5000 meter, og som i dei to NM-konkurransene gjekk ho inn til ein tredjeplass med tida 28.14,19. Finske Taika Nummi var i leiinga frå start og vann til slutt suverent med tida 22.08,82. Finske Vera Rauhala tok andreplassen på tida 27.19,32.

- Det var kjekt å få prøve seg saman med juniorlandslaget, seier Møller Flatin på telefon frå Finland, før turen går heimover til Ulsteinvik.

Dette var første gongen ho prøvde seg på 5000 meter i konkurranse.

Korleis synest du at det gjekk?

- Eg veit ikkje heilt. Eg kjende på ei skade gjennom heile løpet, så det var litt irriterande.

Fride starta først med kappgang i år, og etter medaljer både i junior- og senior-NM fekk ho no prøve seg på juniorlandslaget.

Det har gått veldig fort?

- Ja, det har det absolutt. No har eg berre lyst å prøve meg meir fram. Prøve 5000 meter fleire gongar utan skade. Eg er veldig motivert til å halde fram. Eg merka at det var ein lengre distanse, men det gjekk greitt. Målet i dag var eigentleg berre å fullføre, seier Fride som godt kan tenke seg å vere med på Nordisk også neste år.

No er det UM som blir neste post på programmet for kappgjengaren. Det blir arrangert om to veker.

Også Karsten Warholm er i aksjon i Espoo denne helga. Han skal springe 400 meter hekk, 110 meter hekk og minst ein stafett, og opna laurdag med ein klar siger på langhekken.

Fride Møller Flatin gjekk inn til ein tredjeplass med tida 28.14,19. Foto: Arve Hatløy / Dimna IL.