Karsten Warholm er denne helga ein av to kapteinar på det norske landslaget som deltek i nordisk landskamp i friidrett i Espoo i Finland.

Warholm deltek på hekkeøvingane på 110 og 400 meter, og skal vere med på ein eller fleire stafettar.

Laurdag fekk han ei svært god opning på landskamphelga, då han sprang inn til klar bestetid på langhekken. Med tida 51,47 var Warholm nesten akkurat to sekund framom nestemann, Isak Andersson frå Sverige.

På 4x100 meter stafett sprang Warholm saman med Sondre Kåstad, Even Meinseth og Jonathan Quarcoo. Karsten sprang siste etappe då Norge sitt lag tok gull med tida 40,18. Finland tok andreplassen framom Danmark/Island, medan Sverige vart diskvalifiserte på øvinga.

Korthekken går sundag føremiddag.

Les også: Debuterte på juniorlandslaget.

Karsten Warholm var overlegen på 400 meter hekk med tida 51,47. Foto: Arve Hatløy / Dimna IL.