Hareid revansjerte det sure 4-5-tapet mot Vartdal i vårsesongen laurdag ettermiddag og slo Vartdal 2-1 på Vartdal stadion. Joar Møller og Ulrik Wingsternes scora for Hareid medan Steffen Elias Roth stod bak vertane si scoring.Hareid ville revansjere det sure tapet frå vårsesongen og pressa høgt og var aggressive i starten av kampen. Men Vartdal var ikkje noko verre og var med i spelet frå start av dei og. Kampen var eigentleg stort sett sjansefattig, men det blei likevel tre scoringar – to til bortelaget og eit til heimelaget.Etter eit kvarter kom Runar Stranden fint på høgresida og la inn til Håvard Øvrelid som skaut over. Fire minutt seinare kombinerte Venthan Ketheeswaran fint med Øvrelid før førstnemnde skaut på keeper frå kort hald.

Joar Møller Hareid oppi leiinga minuttet etter. Møller tok eit frispark frå skrått hald – frå ca. 30 meter og sende den i lengste hjørnet utan at nokon var borti ballen, dermed 1-0 til Hareid.Etter 35 minutt var Petter Ove Sætre farleg frampå etter ein corner og nære å utlikne for blåtrøyene, men Hareid-keeper Vagn Scheide Mork redda. I staden dobla Hareid leiinga ved Ulrik Wingsternes. Dagens første målscorar, Møller, skrudde inn eit frispark frå høgresida som Wingsternes heada inn frå seks-sju meter. 0-2 til pause.Heimelaget fekk ein betre start på den andre omgangen. Laget pressa på frå start av og utnytta ein feil hos Hareid-forsvaret på best mogleg.

Etter 50 minutt rota Hareid i eige forsvar etter innkast som enda med at Steffen Elias Roth reduserte frå kort hald. Det kunne sjå ut som heimelaget skulle få fleire scoringar grunna det høgt press, men det vart ikkje slik. Hareid kom utover i omgangen meir inn i spelet og hadde brukbar kontroll i sluttminutta. Etter 83 minutt ropte alle hos Vartdal-laget og publikum på straffe då Frank Ristesund gjekk i bakken, men dommar Jan Erik Bratteberg let spelet gå vidare. Fire minutt seinare prøvde Ristesund skotfoten etter ein corner – utan suksess. Sætre hadde også ein bra skotsjanse for heimelaget. Kampen enda dermed 2-1 til Hareid, utan at laget leverte noko imponerande førestilling mot eit Vartdal som stilte redusert og slit i 4.-divisjon.Andre resultat i 4.-divisjon – denne runden:Torsdag:* Godøy – FK Sykkylven 2 – 3* Larsnes/Gursken – Emblem 2 – 0* Vigra – Rollon 3 – 4* Norborg – Langevåg 7 – 1 Fredag:* Valder – Ørsta 3 – 1Kampfakta4.-divisjon, runde 14Vartdal – Hareid 1 – 2 (0 – 2)Vartdal stadionTilskodarar: 80Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL – Fotball.Gule kort: Vinjevoll (Vinjevoll)Mål: 0-1 Møller (20), 0-2 Wingsternes (40), 1-2 Roth (50)Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Ulrik Wingsternes, Lars Roar Holstad, Joar Møller – Runar Stranden (Simon Holstad Grimstad 63), Alexander Nevstad, Jon Andre Thue, Venthan Ketheeswaran (Hiwa Alipoor 46) – Håvard Øvrelid (Fredrik Andresen 70) (Eiliv-Tore Howlid 90), Eiliv-Tore Howlid (Thor-Ove Brekke 46).*** Møller** Wingsternes* Holstad