Sundag føremiddag har Karsten Warholm vore i aksjon i finske Espoo. Etter to gull laurdag, på 400 meter hekk og 4x100 meter stafett, var det sundag klart for korthekken, 110 meter hekk.

I 2,1 sekundmeter medvind sprang Karsten Warholm inn til ei vinnartid på 13,97, meir enn fire tidelar framom andremann Elias Martinsson frå Sverige. Tristan Freur Jonsson tok bronse med 14,47. Tida til Warholm er eit stykke bak eigen personlege rekord.

Også på 4x400 meter stafett blei det gull på Karsten Warholm, som sprang ankeretappen for det norske laget. Markus Einan, Markus Berner og Sondre Dingsør sprang dei tre andre etappene. Laget kom inn på tida 3.15,35, noko som var akkurat to sekund raskare enn Finland på andreplass. Sverige tok tredjeplassen.

Warholm si etappe gjekk på 48,8 sekund, noko som ikkje var blant dei aller raskaste, men han var likevel raskast av ankermennene.

Med stafettsiger både for kvinner og menn tok også Norge samanlagtsigeren i landskampen for begge kjønn. Og med fire gull var kaptein Karsten Warholm svært delaktig i den norske samanlagtsigeren.

Les også: Warholm overlegen på langhekken

Les også: Debuterte på juniorlandslaget