1. omgang

Hødd mest aggreisve frå start på Høddvoll. Hovudsakleg på vesntresida dei første minutta, men utan å kome til meir enn nesten-mogelegheiter. Dei første femten minutta var i hovudsak prega av ein del lange ballar frå begge lag, utan at nokon klarte å etablere noko skikkeleg press.

Bryne hadde eit par greie skuddforsøk i starten på kampen, men utan å sette Aslak Falch på særlege prøver.

Sondre Beite fekk prøve seg frå start på Hødd si høgreside, men kom ikkje veldig mykje med i spelet dei første 20 minutta.

Hødd sin første sjanse kom etter ein corner midtvegs i den første omgangen. Innlegget frå høgre var godt og Jesper Törnqvist steig høgast i feltet, men klarte ikkje styre ballen på mål.

Like før 25 spelte minutt måtte Falch verkeleg vise seg fram på streken. Hødd vann først ein duell i eige felt, men ikkje den andre og då fekk ein Bryne-angripar avslutte frå fem meters hald, men Hødd sin keeper var på rett stad og fekk avverga.

Hødd fekk deretter fleire store sjansar i same angrep etter eit frispark nære midtstreken. Robin Shroot var nærast å sende Hødd opp i leiinga, medan Hødd også ropte på straffe i same situasjon. Dommaren såg ingenting gale og let Bryne sette i gang ei kontring som enda med corner til bortelaget.

Inn mot pause skjedde det lite på Høddvoll, og laga gjekk inn til kvilen med 0-0 på resultattavla. Bryne med den største sjansen i løpet av dei første 45 minutta, i det som i hovudsak var ein sjansefattig omgang.

2. omgang

Den første sjansen etter pause gjekk til Bryne, etter at ein ball gjekk gjennom halve feltet og blir plukka opp av Tveita ti meter frå mål. Skuddet vart blokkert av Falch.

Vegard Heltne fekk nesten utteljing etter 57 minutt med eit frispark frå høgresida. Ballen vart slått hardt mot mål, og medan det var mykje folk i feltet klarte ingen å få styring på den. I staden måtte Bryne-keeperen slå ballen over eigen tverrliggjar med ei fin redning.

Sondre Beite fekk ein god sjanse frå sju meter etter 62 minutt etter innlegg frå høgre, men headinga til ungguten gjekk rett på keeper, som ikkje hadde større problem med å hindre scoring.

Litt ut av ingenting tok Hødd leiinga etter 74 minutt. Steffen Moltu tok med seg ballen opp frå forsvaret, gjennom Bryne sitt midtbaneledd og gav vidare til Magnus Myklebust. Han trekte seg innover frå venstre og banka ballen i lengste hjørnet.

Ti minutt seinare var same mann på farta igjen. Torbjørn Kallevåg fekk ballen like utanfor 16-meteren og sende ein lur stikkar til Myklebust som kom på eit flott løp frå venstre. Åleine med keeper gjorde kantspelaren alt rett og sette sitt andre mål for kvelden.

Dermed enda det med 2-0 siger til Hødd, som tok sin andre siger på rad for første gong sidan bortekampen mot Bryne i mai.

Hødd: Aslak Falch - Ole Amund Sveen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Joakim Wrele, Torbjørn Kallevåg, Fredrik Aursnes - Magnus Myklebust, Robin Shroot, Sondre Beite.

Benk: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aabak, Darnel Situ, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Jonas Ingebrigtsen.

Bryne: Anders Kristiansen, Marius Lode, Paul Addo, Vegard Landro, Krister Wemberg, Bjørnar Holmvik Sabri Freddy Khattab, Jon-Helge Tveita, Emil Dahle, Oddbjørn Skartun, Mads Bøgild.

Benk: Jonas Høidahl, Pål Fjelde, Aram Khalili, Robert Undheim, Magnus Grødem.

Les også: - Takkar Gud for moglegheita

Kampstart på nye Høddvoll er 18:00.

Før kampen: Hødd møter Bryne på nye Høddvoll i 22. runde i Obos-ligaen. Hødd kjem til kampen etter ein god prestasjon og 2-0 siger borte mot Sandnes Ulf, men laget har ikkje vunne to kampar på rad sidan sist laget møtte Bryne. Då enda det med ein 4-1 siger til Hødd på Jæren.

Sidan den gong har Hødd vore stabilt ustabile i prestasjonane, og på dei siste sju kampane står Hødd med fire sigrar og tre tap. Bryne kjem til Ulsteinvik på ein 9.-plass i 1.-divisjon med 27 poeng, og jærbuane har ikkje vunne nokon av sine fire siste kampar. Bryne har spelt uavgjort mot Strømmen og Åsane, og tapt mot Nest-Sotra og Sogndal.

Lad opp til Hødd - Bryne med Hødd-magasinet.

Dei siste kampane har Hødd-trenar Sindre Eid gjort ein del endringar på laget, og sist spelte mellom anna Ole Amund Sveen høgreback i staden for Jonas Ingebrigtsen. Mot Bryne blir Hødd tvinga til å gjere minst eitt byte, ettersom toppscorar Eirik Ulland Andersen fekk sitt femte gule kort for sesongen og dermed må stå over.

Hødd gjer også nokre endringar til denne kampen. Sondre Beite kjem inn i staden for Eirik Ulland Andersen, medan Robin Shroot er tilbake på topp i staden for Michael Karlsen.