Under den nordiske landskampen i Espoo tok Karsten Warholm gull på 110 meter hekk og 400 meter hekk individuelt, samt to gullmedaljar på stafett.

– Eg hadde ingen gull i nordisk før eg kom hit, så no måtte eg berre kompensere, ler Karsten Warholm på telefon frå Finland.

Det er snart berre ei medalje i OL som manglar?

– Det ligg nok eit stykke fram i tid, men dét hadde vore kjekt å ha i samlinga.

Stortalentet fortel at han ikkje kom heilt opp mot sitt aller beste på korthekken, men at han likevel var godt nøgd med dei to hekkeløpa han leverte i løpet av helga.

– Eg hadde eit mål om å kome under 14 sekund, og når eg klarer det så må eg vere veldig ”happy”. 400 meter hekk har eg ikkje så mykje erfaring med endå, så eg veit ikkje heilt kva som er full klaff, men tida er ganske bra og eg synest eg gjennomfører ganske bra. Det blir litt tull etter kvart, men det er nok fordi eg manglar trening. Samstundes er det viktigaste når ein deltek i ei slik lagkonkurranse at ein vinn løpa og det klarte eg heldigvis, fortel Warholm.

Kaptein Warholm

Under den nordiske landskampen var Warholm plukka ut som ein av to kapteinar, og då passa det fint å levere gull i alle fire øvingane han deltok i.

– Det var stas og ekstra gøy når vi klarer å vinne både for jenter og gutar. Det har vel aldri blitt gjort tidlegare trur eg. Det er kult.

Vil det seie at norsk friidrett har ein solid generasjon på veg opp?

– Det er det vi må tenkje, krysse fingrane for det, seier Warholm.

I tillegg til dei to individuelle gullmedaljane var Karsten Warholm ankermann både på 4x100 meter og 4x400 meter stafett.

– Eg synest det var veldig koseleg og det er noko eg kan verte van med, ler Warholm.

Satsar på minst seks UM-gull

Karsten Warholm fortel at han har fått brukt tida etter junior-NM til ein del trening, og at det også blir godt med trening fram mot sesongens siste konkurranse, som er UM på Lillestrøm.

– No har eg ikkje eksakt tal på øvingar eg skal vere med på, men det blir heilt sikkert nok. Eg har 44 UM-gull til no, så eg har ein plan om å prøve å nå 50, seier ein blid Warholm, som dermed har sendt ut ei klar åtvaring til konkurrentane.