Måndag vart det klart at Geir Hansen har blitt henta inn som assistent for Roger Finjord på det norske kvinnelandslaget.

– Det blir ikkje noko stor omvelting for Hødd sin del. Eg jobbar framleis her. Tidlegare har eg arbeidd i sju år med aldersbestemte landslag på gutesida. Eigentleg skulle eg inn på G17-landslaget no, men eg har fått ein førespurnad om å bli trenar på damelandslaget og det har eg takka ja til, fortel Hansen.

Det ser Hansen på som ei veldig spanande moglegheit.

– Ja, det er kjempespanande. Det å vere landslagstrenar er viktig for meg. Eg var det i tida med Ålesund og då eg jobba i kretsen. Det er ein arena der eg trivst veldig godt, der eg får bidra for norsk fotball og får erfare og lære veldig mykje. Det har eg lyst å halde fram med, fortel han.

Fotball er fotball

Hansen fortel at han ikkje har arbeidd direkte inn mot kvinnefotballen tidlegare.

– Men fotball er fotball for meg. Dette er jo eit lag som skal inn i OL-kvalifisering, VM- og EM-kvalifisering. Det er eit lag som har moglegheita til å konkurrere på aller, aller høgaste nivå, og det å få vere med i ein slik prosess er sjølvsagt veldig spanande.

Geir Hansen fortel at i ei slik rolle, med tett samarbeid mellom anna med Olympiatoppen og mentale trenarar, gje både kunnskap og kompetanse som kan brukast også inn mot Hødd.

Roger Finjord vart tilsett som hovudtrenar for det norske kvinnelandslaget tidlegare i sommar.

– Eg kjenner ikkje Roger så veldig godt frå tidlegare, men han er ein fin fyr og ein god leiar. Han har mykje energi og godt humør, og er ein type som eg gler meg veldig til å arbeide saman med. Eg kan bidra med mitt og mine erfaringar, og så kjem han med sitt. Det blir spanande og noko eg ser veldig fram til, fortel Geir Hansen.

Positivt for Hødd

Han fortel at han har eit punkt i arbeidskontrakten si om at han skal kunne arbeide inn mot landslagsfotballen, men understrekar at Hødd har vore veldig positive til at Hansen skulle arbeide for norsk fotball.

– Jo fleire frå Hødd som er ute og bidrar og innhentar kompetanse, jo betre er det for Hødd. Det har ikkje vore noko sak her om eg skulle bli med eller ikkje, for eg har vore involvert det siste året med gutelandslaget og reist mykje med dei. Det handlar berre om å vere strukturert og halde tunga beint i munnen.

Les også: - Eg er ingen dressmann

Geir Hansen (til høgre) i samtale med Geir Hasund. Foto: Joakim Rødven