Sundag 6. september arrangerer trimgruppa i Hasundgot IL Hasundgotrypa 2015.

Hasundgotrypa er eit mosjonsløp for damer og jenter frå ungdomsskulealder og oppover.

Trimgruppa i Hasundgot IL oppmodar alle som vil vere med til å ta med seg ein kollega, ein ven, nabo, mor eller dotter til å vere med, og dei slår fast at Hasundfgotrypa har eit tilbod for både dei som vil konkurrere og mosjonere, med joggetur rundt Dimnøya, gåtur eller tur i fjellet.

Turen rundt Dimnøya er på om lag 10 kilometer, med to drikkestasjonar undervegs. Alternativt kan dei som ønskjer det ta turen på ei av to fjell-løyper: Stadion – Stemnehornet – Svarane – Høgåsen – Stadion eller Stadion – Uglesætra – Stadion.

I år blir det også arrangert "Høgåsen rett opp" med start på Hasundgot stadion og med tidtaking til toppen av Høgåsen.