Hareid tok imot Norborg torsdag kveld og tapte 2-3. Thor-Ove Brekke og Alexander Nevtsad scora for Hareid medan Ole-Kristian Aarseth og Øyvind Sundnes (2) sørga for at alle poenga blei med heim til Haram.

Norborg hadde eit knepent overtak dei første minutta i kampen der laget trilla ein del ball utan å skape noko farleg. Kampen blei jamnar utover omgangen og det blei rein målbonanza i løpet av dei første 45 minutta. Etter sju minutt sende Ole-Kristian Aarseth gjesten i føringa. Aarseth vart spelt gjennom av Kristian Søviknes, og frå skrått og kort hald var Aarseth sikkert åleine mot Hareid-keeper Vagn Scheide Mork. To minutt seinare hadde Mathias Fjørtoft eit langskot som heldt på å lure Mork i Hareid-buret, men sistnemnde rakk akkurat å redde til corner. Den påfølgande corneren var gjestene farleg på, men lukkast ikkje å auke leiinga.

I staden utlikna Hareid etter 11 minutt. Thor-Ove Brekke avslutta fint frå ca 10-12 meter etter at Norborg ikkje klarte å klarere. Tre minutt seinare var både Aarseth og Øyvind Sundnes farleg frampå hos gjestane – utan suksess. I staden dobla Hareid leiinga to minutt seinare. Runar Stranden la inn corneren frå venstresida som Alexander Nevstad stanga inn frå kort hald. Men det tok ikkje lang tid før gjestene svara. Sundnes utlikna for gjestene etter 23 minutt med eit langskot.

Fem minutt seinare kunne Hareid gå oppi leiinga igjen, men tverrleggjaren hindra frisparkforsøket til Joar Møller. Etter 34 minutt gjekk gjestene oppi leiinga – for andre gang. Sundnes sette inn sitt andre mål for dagen då han breisida eit innlegg frå venstresida. 2-3 var også stillinga til pause.

Mange trudde at vi kunne få ein underhaldande andre omgang som den første, men det vart ikkje slik. Etter 50 minutt blei Håvard Øvrelid felt på vei mot mål – som sistemann, dermed måtte Jan Tore Fjørtoft tidleg i dusjen. Øvrelid og Hareid ville også ha straffe då 16-åringen gjekk i bakken etter 55 minutt, men dommar Martin Solheim var ueinig og let spelet gå vidare. Utover omgangen var laga lite farleg, Norborg var kyniske og forsvarte leiinga medan Hareid fekk ikkje fart på ballen og skapte lite. Etter 77 minutt var Hareid farleg frampå ved ein corner, men tverrleggjaren stod i vegen. Fem minutt seinare hadde innbytar Fredrik Andresen god skotmoglegheit, men skotet gjekk over. Når Hareid ikkje klarte å sette sjansane sine kunne Norborg auke leiinga etter 93 minutt, men Mork varta opp med dobbelredning.

Dermed enda det med 2-3 til gjestene frå Haram som fortente i meir eller mindre grad. Men det skal også nemnast at Hareid burde klare å prestere betre – spesielt dei siste 40 minutta då gjestane spelte med ein mann mindre

Andre resultat i 4.-divisjon i torsdagskvelden:

* Godøy – Larsnes/Gursken 3 – 0

* Emblem – Valder 3 – 1

* Vigra – Vartdal 6 – 1

* FK Sykkylven – Langevåg 4 – 3

* Rollon – Ørsta 4 – 0

Kampfakta

4.-divisjon, runde 15

Hareid – Norborg 2 – 3 (2 – 3)

Hareid stadion

Tilskodarar: 90

Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL – Fotball.

Gule kort: Wingsternes, Brekke (Hareid). Hildrestrand (Norborg).

Raudt kort: J.T. Fjørtoft (Norborg)

Mål: 0-1 Aarseth (7), 1-1 Brekke (11), 2-1 Nevstad (16), 2-2 Sundnes (23), 2-3 Sundnes (34).

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Ulrik Wingsternes, Alexander Nevstad, Joar Møller (Hiwa Alipoor 60) – Runar Stranden (Fredrik Andresen 75), Jon Andre Thue, Torgeir Skeide, Simon Holstad Grimstad (Venthan Ketheeswaran 70) – Håvard Øvrelid (Martinus Røyset Bakken 79), Thor-Ove Brekke.

*** Wingsternes

** Brekke

* Nevstad