Eirik Voksøy Bringsvor frå Sandsøy IL vann den aller første utgåve av fjelløpet "Melshorn Opp". 21-åringen brukte 26 minutt og 12 sekund opp dei rundt 3,4 kilometrane opp til toppen av Hareidlandets tredje høgste fjell.

Berre 18 sekund seinare dukka ein annan sandssokning opp 668 meter over havet, Anders Bringsvor (40) la løypa bak seg på 26:30.

Tredjeplassen gjekk til Ole Magnus Melchior (29) som stilte for Kleven Bedriftidrettslag. Også han greidde å presse seg under 27 minutt og vart klokka inn på tida 26:58.

Raskaste kvinne var Trine Pilskog (43) frå Hjørungavåg IL som brukte 28:55 opp til toppen. Anne Guri Pilskog Lande (35) var nest raskaste kvinne med tida 37:29, medan tretten år gamle Elen Alme, også ho frå Hjørungavåg IL, kom på tredjeplass i dameklassen med 40:26.

Til liks med Trine Pilskog har også Audun Garshol OL-deltaking med seg i si friidrettskarriere. Garshol, som med sine 63 år var løpets eldste deltakar, kom til topps på 39:57.

I alt var det 36 som deltok i konkurranseklassen, i tillegg til over 70 deltakarar som stilte i mosjonsklassen.

Bra deltaking

- Vi var veldig spente på kor mange som kom til å stille og vart temmeleg overraska då vi såg talet på deltakar, fortel Trine Pilskog. I tillegg til å stille til start i Melshorn Opp har ho vore sentral i planlegginga og gjennomføringa av 70-årsjubileet til Hjørungavåg IL som dette fjelløpet er ein del av.

Med den interessa som folk har synt for Melshorn Opp trur Trine Pilskog at dette kjem til å verte eit fast, årleg innslag.

- Ja, dette må vi prøve å få til neste år også, seier ho.

Trine Pilskog tykkjer det var ekstra artig at Audun Garshol stilte til start.

- Han starta jo faktisk friidrettskarrieren sin i Hjørungavåg IL, fortel Pilskog.

Når det gjeld sjølve løypa, som startar frå Ulset og fyl ryggen langs Melshornet oppover til toppen, tykkjer Tine Pilskog at denne er ideell for denne typen løp.

- Det er eit løp som eignar seg for fart. Første delen av løypa går langs vegen, slik at deltakarane får spreidd seg litt og slepp å springe i kø. Stien oppover i lia er litt smal, men så vidar løypa seg ut, fortel Trine Pilskog som også nyttar høvet til å rose alle som har tatt seg av den praktiske gjennomføringa av konkurransen.

- Alt gjekk strålande, seier ho.