– Vi hadde eit ønskje om å stille eit 18 årslag, men vi fekk ikkje med oss andre klubbar på Sunnmøre om dette. Derfor vart det to seniorlag. Det er viktig for Hødd at alle som ønskjer å spele handball får tilbod. Hødd er ein breiddeklubb og vi skal legge forholda til rette for at alle får mogelegheit og at fleire blir med lengre, fortel Jarl Martin Møller, leiar i Hødd handball.

Vidare seier Møller at det eine laget i hovudsak vil bestå av det etablerte seniorlaget, medan det nye laget er sett saman av ei gruppe yngre spelarar.

Også på trenarfronten er det nytt for Hødd-damene. Stasys Galdikas skal vere hovudtrenar for heile gruppa, og Møller fortel at klubben er på jakt etter ein hjelpetrenar.

– Dersom nokon er interesserte i å bli med på Hødd si rivande handballutvikling er det berre å ta kontakt, seier Møller, som legg til at klubben jobbar med fleire aktuelle namn.

I tillegg har laget med seg Knut Fagerli som keepertrenar og Inger Marlen K. Møller som lagleiar. Jarl Martin Møller seier at det ikkje er sett noko konkret mål om resultat for dei to Hødd-laga. Sist sesong enda Hødd-damene på ein femteplass i 4.-divisjon. Då hadde laget ein ujamn start på sesongen.

– Damehandballen i Ulsteinvik har eitt godt utgangspunkt for framtida slik eg ser det, og kanskje bør vi driste oss til å seie at vi skal kjempe om opprykksplass, fortel Møller.

Hødd 2 spelar sin første kamp onsdag 16. september, medan Hødd 1 har sin første kamp borte mot Ørsta onsdag 30. september.