Komande søndag er det klart for ein ny omgang med fjellmarsjen Eiksund – Alskleiva – Korshamna i Hareid Trim sin regi.

Deltakartalet i marsjen har variert alt ettersom korleis vêret har vore. I fjor var arrangør og deltakarar uheldige og fekk regn etter ein lang periode med finevêr. Dagen etter var det atter fint vêr. Av 34 deltakarar gjekk 21 full distanse frå Eiksund til Korshamna. Dei øvrige 13 runda av i Alskleiva.

Langtidsvarslane i år melder om opphaldsvêr på søndag og rolege vindforhold.

Det er 17. gong tiltaket blir halde. Styrkeprøva er i første rekke ein uhøgtidleg fjellmarsj, men arrangøren set i gang klokkene når startskotet går – og noterer tider for dei som vil nytte fjellturen som fartstrening. I fjor gjekk/sprang Joar Moldskred frå Eiksund til Korshamna på 2 timar og 6 minutt. Tidlegare har han gått/løpt på 2.12 og 2.14. Halvvegs – i Alskleiva - hadde han brukt 49 minutt.

Det blir trekt ut fem fjellstrømpepar på startnumra.

Marsjen går over fjellryggane. Mellom Eiksund og Kongsvollen går enkelte via Blåtinden, medan andre går via Eiksundsetra.