Ottar Eiksund Røyset er ny leiar i Hareid IL Fotball.
Endret: 24.03.2010 kl. 17:25
Eitt av måla er vi skal få tilbake litt av den gamle, inkluderande kjensla som alltid har vore i idrettslaget. Eg ser på Hareid som ein svært inkluderande klubb, og det håper eg å bringe vidare.
Ottar Eiksund Røyset
Tidlegare i vinter trekte Ole Frank Bakken seg som leiar i fotballstyret. Dette skjedde på bakgrunn av oppstyret rundt Hareid 2 etter Odden-cupen i Ulsteinvik.
Fotballstyret måtte dermed få på plass ein ny formann. 15. mars vart det offisielt at Ottar Eiksund Røyset skulle ta over.
Han fekk ein telefon ifrå Kristian Angelsen som er ein av lagleiarane for Hareid 2.
– Det var ikkje vanskeleg å svare ja, fordi dette var noko eg hadde lyst til. I tillegg har eg erfaring frå organisasjonsarbeid. Eg er leiar for Hareid Høgre, fortel Røyset.
Framtidsmål
Den nye formannen har allereie gjort seg mange tankar rundt framtida til fotballgruppa. For det første er det viktig å skape ro i klubben. Deretter må ein tenkje framover.
– Eitt av måla er vi skal få tilbake litt av den gamle, inkluderande kjensla som alltid har vore i idrettslaget. Eg ser på Hareid som ein svært inkluderande klubb, og det håper eg å bringe vidare, seier Røyset.
Breiddeidretten og det frivillige arbeidet står sentralt.
– Samstundes skal det vere ein klubb der spelarane har rom for å utvikle seg og verte gode, meiner han.
Fokus på Fair Play
Klubben kjem til å ha fokus på Fair Play i tida framover. Dei vil vidareføre det arbeidet som Ole Frank Bakken starta på. Hareid 2 fekk mykje mediefokus tidlegare i vinter.
– Trur du sakene som kom fram i etterkant av Odden-cupen, har endra haldningane til spelarane på nokon måte?
– Det var sjølvsagt ei kjedeleg sak for både klubben og Hareid 2, men eg trur vi har kome styrka ut av det. Fotballgruppa har sett temaet på dagsorden, og Fair Play er eit satsingsområde, understrekar Røyset.
Sportslege ambisjonar
Til slutt må vi nytte sjansen til å spørje om ambisjonane til A-laget som speler i 3. divisjon.
– Etter denne sesongen kjem nesten halve tabellen til å rykkje ned. Difor vert det ekstra viktig å få ei god plassering i år. Vi vil gjerne henge med i toppen. Målet er at vi skal behalde plassen i 3. divisjon, seier Røyset.
Han nyttar sjansen til å rose arbeidet til trenarane, Bjørge Worren og Svein Dag Slettebakk.
– Dei gjer ein kjempejobb, og har allereie skapt veldig gode resultat. Eg har stor trua, seier den optimistisk fotballformannen.
