Sjølvmål gav nytt Hødd-tap

Hødd-kaptein Fredrik Klokk lovar å kome sterkt tilbake. Foto: Hans-olav Rise

I ein jamn kamp vart det uheldige sjølvmålet av Hødd-kaptein Fredrik Klock skilnaden på Skeid og Hødd.

Hans-Olav Rise
Publisert: 03.05.2010 kl. 10:16
Endret: 03.05.2010 kl. 10:20

Eg synest det er fantastisk av Blåsarane. Dei skal få betalt – i poeng.

Hødd-kaptein Fredrik Klokk

1-0 på Bislett Stadion og null poeng heim til Høddvoll var ikkje det utfallet dei mange oppmøtte sunnmøringane hadde håpa på. Med eit tap og ein siger før kampen mot Skeid, var det eigentleg berre tre poeng som var godt nok.

Men kampen starta med eit brak, og det var den økonomisk truga klubben på heimebane som tok leiinga. Etter to minutt fekk Skeid frispark på 40 meter. Frisparket var godt slått, og Skeid-midtstoppar Joar Harøy var høgst i lufta. Harøy stussa ballen, og vidare derfrå trefte ballen skuldra til Fredrik Klock og gjekk i ein høg boge over Ørjan Håskjold Nyland som var veldig på halvdistanse.

- Det var nok eit sjølvmål, kommenterte ein skuffa Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter kampen.

- Ballen treffer meg i skuldra og går fire meter opp i lufta. Eg skjønner ikkje heilt kvar Ørjan er sidan den går så høgt, sa ein sint Hødd-kaptein Fredrik Klock.

Og etter det tidlege målet var det mykje fram og tilbake. Det var ein jamn kamp på Bislett, der begge lag hadde store sjansar.

For Hødd sin del var det Ulrik Wingsternes sin sjanse i andre omgang som burde vore utlikningsmålet, men når sjølv ikkje upressa skot frå 14 meter går i mål, så blei det tap for Hødd. Thomas Lid Kleppe burde fått sjansen frå straffemerket etter at Kazeem Ahmed blei felt seint i andre omgang, men dommaren vinka spelet vidare.

1-0-tapet for Skeid vart det andre tapet på tre kampar for Hødd – ikkje heilt etter opprykksplanen, men Klock lovar at dei kjem tilbake. Og han lovar det spesielt til Blåsarane som stiller opp både heime og borte.

- Eg synest det er fantastisk av Blåsarane. Dei skal få betalt – i poeng, lovar kapteinen.

På forsiden nå

Jenter får ny sjanse til kreftvaksine

Dei jentene som gjekk ut av sjuande klasse i fjor utan å vaksinere seg mot livmorhalskreft, får tilbod om å gjere det i år. Les meir

Indresøvde pensjonerer seg

Teknisk sjef i Ulstein kommune planlegg å pensjonere seg. Les meir

August vart varmaste sommarmånad

16,0 grader i middeltemperatur. Les meir

Kor-oppleving i Herøy kyrkje

Svartehavets Don Kosakk Kor på ny sunnmørsvitjing. Les meir