Som kjent planlegg Ulstein kommune å rive samfunnshuset i Ulsteinvik sentrum, for der å føre opp eit nytt bygg som skal romme idrettshall og symjeanlegg.
Nyleg hadde kommunen orienteringsmøte om “Arena Ulstein – Idrettshall – Badeanlegg.”
Etter møtet har Ulstein Idrettsråd sendt brev til kommunen der dei skriv at dei ønskjer eit badeanlegg i Ulsteinvik som kan tene både skulane og folk flest velkomen.
Men leiar i idrettsrådet, Jan Arild Roppen, kjenner til at Ulsteinhallen står framfor relativt store påkostingar og vedlikehald for å vere tenlege for idrettslina ved Ulstein vgs. Høddvoll Stadion manglar garderobar til fotballstadionet på Høddvoll. Friidretten i Dimna og på Hareid treng betre treningstilhøve på vinteren. Fotballen i Hødd og andre klubbar i distriktet treng meir areal innandørs til både trening og kampar. Det same gjeld handballen i Hødd.
Idrettsrådet meiner at ein større idrettshall må byggjast i tilknyting til idrettsanlegget på Høddvoll og at Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule sine behov for gymnastikkhall ikkje må fortrengje idretten sine behov som nemnt ovafor – i lang tid framover, skriv Roppen.
På bakgrunn av økonomi, nytte for mange og sambruk ber dei om at Ulstein kommune byggjer ein hall som tilfredsstiller minimumskrava til skulane i sentrum.
Ulstein idrettsråd har 17 klubbar registrert som medlemer, dvs. 3579 medlemer.
