Deltek i NM i fjordhest

Camilla Ringstad og hesten Katinas Odin deltek i Fjordhest-NM. Foto: Anne Gry Eilertsen

Camilla Ringstad frå Haddal deltek i Fjordhest-NM i Ørsta denne veka.

Andreas  Rasmussen
Mobil: 90786823
Publisert: 14.07.2010 kl. 10:34
Endret: 14.07.2010 kl. 10:34

Som einaste deltakar frå Hareid rideklubb deltek Camilla Ringstad i NM. Med hesten Katinas Odin skal ho tevle i dressur, sprangridning og presisjonsføring.

Ringstad deltek for første gong i eit NM, og er mest fokusert på å få erfaringa.

- Eg forventar i grunnen ingenting utover det å delta og å få hesten med. Det hadde vore kjekt med nokre plasseringar, men eg forventar ingenting, seier ho i det opningsshowet er over.

Første øvelse er i dag klokka 14:20. Norgesmesterskapet blir heldt i Ørsta og varer i frå 13. til 18. juli.

På forsiden nå

Jenter får ny sjanse til kreftvaksine

Dei jentene som gjekk ut av sjuande klasse i fjor utan å vaksinere seg mot livmorhalskreft, får tilbod om å gjere det i år. Les meir

Indresøvde pensjonerer seg

Teknisk sjef i Ulstein kommune planlegg å pensjonere seg. Les meir

August vart varmaste sommarmånad

16,0 grader i middeltemperatur. Les meir

Kor-oppleving i Herøy kyrkje

Svartehavets Don Kosakk Kor på ny sunnmørsvitjing. Les meir