Kampen om å bli toppskorar i 3.-divisjon Sunnmøre står mellom Lasse Olsen frå Herd og Kim-Tore Husøy frå Hareid. Dei to har 16 og 14 mål. Men no er Lasse Olsen innleigd av Mjøndalen ut sesongen for å hjelpe dei med å unngå nedrykk frå Adeccoligaen.
Endret: 02.09.2010 kl. 10:04
Det aukar sjansane for at Husøy kan bli toppskorar.
Dei største utfordrarane hans er Andres Ulvestad (Herd), som har 10 mål - Trond Brynestad (Volda) og Daniel Gjerde (Rollon), som begge har 9 mål - og kvintetten Eirik Heltne (Hødd2), Daniel Kvalsvik, (Hødd2), Finn Erik Stavseng (Herd), Robin Hjelmeseth (Hødd2) og Ronny Jørgensen (Hareid), som alle har 8 mål.
