Flott Birken-debut av Hallfrid (58)

FINT DRIV: Hallfrid Flø Urke tok utfordringa og stilte til start i Birkebeinerrittet. Hareid-debutanten kom seg heilskinna til mål. Foto: Svein Halvor Moe

LILLEHAMMER: Det er få damer som debuterer i Birkebeinerrittet når dei nærmar seg 59 år. Hallfrid Flø Urke frå Hareid gjorde det sist helg - og blei biten av basillen.

Mobil: 99258003
Publisert: 02.09.2010 kl. 10:07
Endret: 02.09.2010 kl. 10:12

- Eg lovde meg sjølv undervegs og rett etter innkomst, at eg ikkje skulle gjere dette fleire gonger. Men etter ein varm dusj og ei flott Lillehammer-helg har eg forandra mening. Det fristar faktisk med ein ny start. Det kan godt hende eg melder meg på igjen, sa Hallfrid til Vikebladet Vestposten.

Hallfrid er fødd i 1951 og blir 59 år i neste veke. Ho ville vise seg sjølv at det var fullt muleg å sykle Birkebeinerrittet.

Det var i fjor haust at fleire ved Hareid Elektriske signaliserte at dei kunne tenke seg å sykle Birkebeinerrittet. Det blei etter kvart så mange som melde si interesse, at bedrifta vart solid representert. Hallfrid, som er lønningssjef og driftar kantina, var ein av dei som bestemte seg for å ta utfordringa. Ho tilbaud seg først å vere med for å lage mat. Men etter kvart blei ho frista til å sykle.

GJEKK NED BALLETTBAKKEN

- Det blei til slutt 28 som melde seg på, om eg ikkje tek heilt feil. Det kom eit par fråfall på tampen. Tor Egil Rise, som ble pappa igjen same dag som vi reiste, var ein av dei som måtte kaste inn handkleet. Tor Egil hadde i aller høgste grad gyldig forfall, sa Hallfrid Flø Urke, som ikkje hadde all verdas treningsgrunnlag då tanken om Birkebeinerritt-deltakinga blei diskutert. Det begrensa seg, som ho sa, til ein og annan sykkelturen bort på samvirkelaget. - Dei som veit kvar eg bur, skjønar at det ikkje blir så mykje trening av å sykle på coopen, kommenterer Hallfrid, som har gått på spinning i vinter. Det er trening som har bidratt til å få henne i betre form. Hareidsdama sykla Birkebeinerrittet på 6 timar og 22 minutt utan å ta seg ut. Det var ikkje noko poeng for henne å kome seg fortast muleg over fjellet. Debutanten ønskte å nyte den flotte naturen.

- Eg ville ikkje ta meg meir ut enn at eg fekk med meg det sosiale etterpå. Birkebeinerrittet er meir enn sjølve rittet. Det er ein stor folkefest og ei flott oppleving. Eg registrerte at det var enkelte som satsa livet ned “Ballettbakken” og andre bratte utforkøyringar. I frykt for å bli nedkøyrd heldt eg meg langt ut til sida, sa Hallfrid.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir