Hødd United til landsturneringa i Bergen

I sommar fekk Hødd United 25.000 kroner frå Sunnmøre Fotballkrets. Pengane går til blant anna til reisa til landsturneringa i Bergen.

I morgon fredag reiser Hødd United til Bergen for å delta i landsturneringa i fotball og handball for første gong.

Mobil: 99258003
Publisert: 02.09.2010 kl. 10:15
Endret: 02.09.2010 kl. 10:21

- Dette vert stort. Også sidan det blir første gong vi spelar kamp, fortel ein nøgd Bård Dalen frå trenarteamet.

Fredag morgon reiser åtte spelarar og støtteapparat til Bergen. Der vert landsturneringa i fotball- og handball for menneske med funksjonshemmingar arrangert for 20. gong. Hødd United, som er et lag for spelarar frå Søre Sunnmøre, er med for første gong, og stiller eit femmarlag i fotball.

På opningsdagen fredag blir det opningsseremoni på Torgallmenningen og påfølgjande prosesjon gjennom byen.

Laurdag startar kampane, noko alle på laget ser fram til - trenarane inkludert. - Vi har fått med oss keeper frå Herøy, og spelarane spelar no som eit lag, fortel Bård Dalen.

Laurdagskvelden er det jubileumsbankett i Grieghallen, før turneringa blir avslutta med kampar søndag.

- Dette blir ei oppleving for livet, seier Hans-Olav Rise, som er hjelpetrenar saman med Bjørn Vikanes. Finansieringa er så og seie på plass, berre nokre detaljar gjenstår. Alle som vil støtte laget, må gjerne ta kontakt.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir