Russisk-ortodoks songskatt i Herøykatedralen

Svartehavets Don Kosakk Kor var strålande under konserten i Hareid i fjor. No gjestar dei Herøykatedralen.

Måndag 6. september syng " Svartehavets Don Kosakk Kor" i Herøy kyrkje. Dei som opplevde dette koret i Hareidskyrkja for om lag eitt år sidan kan love ei stor oppleving.

Mobil: 99258003
Publisert: 02.09.2010 kl. 10:33
Endret: 02.09.2010 kl. 10:37

Koret, som tel åtte menn, er ei sidegrein av det profesjonelle radiokoret i den bulgarske hovudstaden Sofia. Koret har i 30 år synt fram mangfaldet i den russisk-ortodokse songskatten og folkemusikken frå sitt eige land for entusiastiske tilhøyrarar i kyrkjer og konsertsalar over heile Europa.

- Før kvar turné vert det handplukka ein oktett av koret sine 25 medlemmer, alle skolerte ved bulgarske og russiske musikkonservatorium, og desse eineståande solistane øver slik at dei saman vert eit einskapleg og fengslande ensemble.

Eit enormt volum og overlegen teknikk gjev songen deira stor uttrykksfylde med mange nyansar og ein svært spesiell klang: dei djupaste bassane i samklang med krystallklare tenorar. Når dei går frå det reinaste piano til fantastisk forte, kombinerer songarane ei stigande spenning med ei kjensle av ein djupt meditativ karakter.

- Dei ortodokse hymnene og dei slaviske melodiane vert også eit økumenisk symbol: som ambassadørar for det fjerne heimlandet sitt, gjer Svartehavets Don Kosakk Kor tradisjonell russisk musikk tilgjengeleg for vesteuropeiske tilhøyrarar.

- Der Svartehavets Don Kosakk Kor opptrer, trollbind dei publikum med sin friske musikalitet og sine unike røyster, opplyser kantor i Herøy, Terje Tjervåg.

På forsiden nå

Song det heile i gong

I går kveld braka det laust med opningsshow og konsert med TenSing Norway, då VT-2012 endeleg gjekk av stabelen. Det vart ein kveld med mykje energifyld musikk, flinke ungdommar og god stemning. Les meir

Odden-cupen er i gang

Sluttspel i ettermiddag. Les meir

Braut seg inn på lensmannskontoret i natt

Sat på ein stol i resepsjonen då politiet kom. Les meir

Bibelen er framleis ein bestseljar

Bok&Media sitt hovudkontor kan fortelje at Bibel 2011 igjen er Noregs mest selde bok. Les meir