3.-div., Ålesund: Hareid leia både 1-0 og 2-1 etter mål av Kim Tore Husøy, men begge gongane kvitterte Rollon – og på stillinga 2-2 kneip heimelaget alle tre poenga då Daniel Gjerde sette inn si tredje skoring for dagen og gav Rollon sigeren 3-2.
Endret: 03.09.2010 kl. 20:48
Men også to av dei andre laga som kjempar med Hareid om å kome på 5.- og 6.-plass i divisjonen tapte. Brattvåg tapte 2-0 borte mot for Herd, medan Norborg tapte 6-2 borte for Bergsøy. Stranda, som har like mange poeng som Hareid, møter Hødd2 på Høddvoll måndag.
Kim-Tore Husøy er oppe i 16 seriemål etter dei to måla i dag. Han er dermed likt med Lasse Olsen, som nyleg gav seg i Herd-drakta for å hjelpe Mjøndalen i innspurten av Adeccoligaen.
Hareid stilte dette laget i dag: Vagn Scheide Mork – Benny Reite, Joar Møller, Dag Gøran Brandal, Tore Mjønes – Tore Ytre-Hauge, Jørund Johansen, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk, Kim Tore Husøy og Even Hansrud.
Dag Gøran Brandal pådrog seg gult kort.
Fredagsrunda i 3.-div. enda slik: Bergsøy-Norborg 6-2, Volda-Godøy 9-0, Valder-Spjelkavik 4-4, Herd-Brattvåg 2-0, Rollon-Hareid 3-2.
