Joar Moldskred i Nordvest Maraton:

Første lokale løpar under 3 timar

Haddølingen Joar Moldskred vart første løpar frå Hareid og Ulstein under 3 timar då han vann herreklassa i Nordvest Maraton på 2.55.34 i dag laurdag. Tidlegare beste lokale tid hadde Henning Røyset frå Hareid, som sprang på 3.00.11 i 1993.
Sport

Nest best i herreklassa vart Bjørn Fretland på 3.13.00, medan Arve Haugland frå Hødd var tredje best på 3.24.45.

I dameklassa vann Arlen Rønning Eid frå Hødd for andre året på rad. Ho fullførte på 4.11.06, som var om lag 9 minutt betre enn tida ho debuterte med i fjor. Sølvi Løvøy sprang på 4.54.58.

I halvmaraton for menn gjekk Jan Vinnes frå Ålesund til topps på 1.24.58, medan Norunn Dimmen frå Dimna IL vann halv distanse for kvinner på 1.46.57.

Nordvest Maraton vart arrangert for 21. gong og hadde 13 deltakarar på full distanse og 25 på halv.



RESULTAT:

HEILMARATON MENN

20-34 år:

Joar Moldskred 02.55.34

Arve Haugland 03.24.45

Espen Nilsen 03.40.03

Olger Beivik Pedersen 04.17.39

45-49 år:

Bjørn Fretland 03.13.00

Øystein Orten 03.44.42

Odd Erik Marø 04.24.48

50-54 år:

Alf Gaupås 04.13.15

55-59 år:

Inge Asbjørn Haugen 04.30.50

65-69 år:

Leif Eriksen 04.27.13

Per Jan Helset 04.51.49

70 + år:

Leif Feøy 04,09,32



HEILMARATON DAMER:

35-39 år:

Arlen Rønning Eid 04:11:06

45-49 år:

Sølvi Løvøy 04.54.58



HALVMARATON MENN:

30-34 år:

Tomas Kadlas 01.32.36

40-44 år:

Jan Ketil Vinnes 01.24.58

Robert Gulbrandsen 01.29.26

Harald Svein Nystøyl 01.35.46

Johnny Tømmerbakk 01.36.40

Jetmund Vartdal 01.36.40

Are Habostad 02,09,07

45-49 år:

Thomas Anderson 01.40.00

Joan Mitjavila 01.40.31

Tore Knotten 01.51.11

Bjørn Arve Brune 02,09,07

Roar Vattle 02.28.15

50-54 år:

Geir Råheim 01.40.27

Åge Sandvik 02,00,19

55-59 år:

Knut Skaar 01.29.36

Egil Arne Standal 01.42.11

Dag Snipsøyr 01.48.50

Øistein Øien 01.54.13

Per Arne Pedersen 02,08,06

60-64 år:

Fagerlund, Kjell M 01.49.31

Per Storøy 02.17.08

Knut Falk 02.23.10

70+ år:

Per Gundersen 02,03,01



HALVMARATON DAMER:

40-44 år:

Norun Dimmen 01:46:57

Grethe A. Leine 02,09,33