Fløtre-avklaring i dag?

Didrik Fløtre under ei trening med AaFK i Fosnavåg i fjor. Foto: Einar Orten Trovåg

Didrik Fløtre imponerte ikkje i fredagens treningskamp mot AaFK, men håper likevel på Hødd-kontrakt.

Einar Orten Trovåg
Publisert: 13.02.2012 kl. 12:50
Endret: 13.02.2012 kl. 12:56

Rett skal vere rett. Det var vel ikkje lett å komme inn som midtspiss for Hødd etter pause, då AaFK dominerte stort og Hødd spesielt utover i omgangen låg lågt i bana og hadde lite spel å by på.

- Då eg kom inn hadde kampen alt sett seg, og eg vart stort sett berre springande imellom. For å få vist meg skikkeleg fram skulle eg helst ha spelt heile kampen eller starta han, seier Fløtre til Vikebladet Vestposten måndag føremiddag.

Dialog i ettermiddag?

I ettermiddag reiser han til Ulsteinvik for å trene med Hødd, og håper han får ei avklaring på om han er ønska vidare i Adeccoliga-klubben han har trena med i fleire veker.

- Utgangspunktet var at eg skulle trene med Hødd ut førre veke. Men sidan eg ikkje har fått ny beskjed reknar eg med at eg skal komme i dag også. Og vonleg rekk eg også å ta ein prat med leiinga for å vite om eg er ønska vidare, fortel Didrik Fløtre.

- Du har ikkje blitt førespegla å bli med Hødd til Tyrkia laurdag?

- Det har ikkje blitt diskutert, nei.

Ingen plan B

Sjølv om den sterke midtspissen er under kontrakt med AaFK har deira trenar Kjetil Rekdal gjort det tindrande klart at Fløtre ikkje er med i klubbens framtidsplanar. Noko som fall 20-åringen tungt for brystet. Det la han ikkje skjul på i eit intervju med Sunnmørsposten før helga.

- Har du ein plan B dersom det ikkje blir noko med Hødd?

- Nei, eigentleg ikkje. Det blir eventuelt å flytte på seg for å halde fram karrieren, seier Fløtre.

Som AaFK-spelar er han tilsett i ei 100 %-stilling, og det vil seie at han ikkje har noko anna å gjere for tida enn å prøvespele med Hødd.

Didrik Fløtre vart norgesmeister med AaFK både i 2009 og 2011.

Lovar ingenting

André Nevstad, sportssjef og dagleg leiar i Hødd, vil ikkje love at det kjem ei avklaring i dag rundt Didrik Fløtre og dei andre prøvespelarane.

- Vi vil ikkje gjere noko forhasta. Overgangsvindauget stengjer ikkje før 31. mars. Men vi reiser til Tyrkia laurdag, og det kan hende vi konkluderer før den tid.

Les meir om Hødd sine fire prøvespelarar i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

På forsiden nå

Vi følgjer 17. mai der du bur

Vikebladet Vestposten vil vere rundt om i alle bygdene i Hareid og Ulstein på 17. mai. Les meir

Roleg natt til 17. mai

Berre ei melding om promillekøyring har kome inn natt til 17. mai. Les meir

Motorsyklist køyrde av vegen på Skeide

Vart frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Les meir

Hødd - Ullensaker/Kisa i bilde

Sjå bilde frå kampen mellom Hødd og Ullensaker/Kisa på Høddvoll 16. mai. Les meir