Klart for Nordvest Maraton

Komande laurdag går den 22. utgåva av Nordvest Maraton mellom Runde og Hareid av stabelen.

  Foto: Ingvild Aursøy MÃ¥seide

Sport

Som i fjor blir det pengepremiar til dei fire klassevinnarane på heil og halv distanse - og i tillegg 5.000 “bols” til den som set løyperekord.

Alle deltakarane som fullfører får medalje med motiv frå monumentet over det kjende slaget ved Hjørungavåg i år 986, der Håkon Jarl sigra over jomsvikingane. Elles er det vanleg klassevis 1/3 premiering. Etter løpet er det premieutdeling på Hareid IL sitt klubhus. Det blir som vanleg speakerteneste i målområdet.

Dei siste åra har Nordvest Maraton også omfatta “Vikingraidet” - der poenget er å få med seg tre av fire landevegs- og fjelløp i løpet av sesongen. Nordvest Maraton er det siste av desse og avsluttar raidet. Dei tre andre er “Varden Opp” (Sula) 2. juni, “Frå fjord til fjell i Geiranger” 16. juni og “Saudehornet Rett Opp” i Ørsta 4. august.

Den som avsluttar med halvmaraton, får tittelen “viking”, medan den som avsluttar med heilmaraton, får tittelen “ekte viking”.

Pr. dato har dei ulike distansane i Nordvest Maraton denenerangeringa:

HEIL MENN:

Helge Hafsås, Olden (2006) 2.33.03

Oddvar Hausken, Torvastad (1991) 2.38.02

Robert Gulbrandsen, Fyllingsdalen (2006) 2.49.23

Odd Gunnar Tveit, Birkenes (1999) 2.50.00

Erling Svankil, Hitra (1992) 2.50.14

Åge Årdal, Volda (1994) 2.53.07

Dagmund Ramsdal, Eikesfjord (1993) 2.54.35

Bjørn Kåre Gjerde, BUL (-) 2.54.52

Joar Moldskred, Hakallestranda (2011) 2.55.43

Arild Kvam, Ålesund (1993) 2.56.28

Ross Wakelin, Tistedalen (2004) 2.57.58



HEIL?KVINNER:

Vibeche Nicolaisen, Hornindal (1998) 3.28.40

Bjørg Sandvik, Haukeland (1996) 3.39.51

Gitte Vinter, Vestnes (1992) 3.45.00

Ann Karin Alnes, Giske (2006) 3.57.40

Gunn Westnes Lindin, Vestnes (1991) 4.10.47

Arlen Rønning Eid, Hødd (2011) 4.11.06

Turid Veggeland, Gjerpen (2005) 4.44.19

Sølvi Løvøy (2011) 4.54.58



HALV MENN:

Oddbjørn Skogen, Hareid (1991) 1.09.35

Eimund Aamot, Frol (1991) 1.12.16

Magnor Rypdal, Isfjorden (1994) 1.13.18

Tom R. Johnsen, Braathen (1994) 1.14.30

Knut Sæther, Ålesund (1992) 1.14.43

Knut Innselset, Volda (1992) 1.15.50

Odd Elvanes, Hareid (1992) 1.16.09

Willy Ullaland, Ålesund (1994) 1.16.26

Sven Nylund, Molde Olymp (2008) 1.16.39

Atle Hagli, Kristiansand (1995) 1.17.56



HALV?KVINNER

Berry van den Bosch, Strindheim (1996) 1.28.08

Ingunn Eikrem Olsen, Hasundgot (2000) 1.36.47

Norunn Dimmen, Hødd (2005) 1.38.11

Gitte Vinter, Vestnes (1991) 1.40.43

Perdy Lillerovde, Posten (1994) 1.42.30

Gerda Bjåstad, Trondheim (1991) 1.42.39.

Heidi Skaug, Molde (1994)1.43.33

Nancy Eggen, Sykkylven (2010) 1.43.52

Lillian Hjørungdal, Hjørungavåg (1997) 1.44.40

Liv Berge, Åheim (1997) 1.45.25