Det har lenge vore ein tradisjon at breiddelaga på Søre møtest til fotballmoro i Ulsteinhallen første helga i februar. Turneringa heiter no "Sparebanken Møre-cup". På folkemunne kallar mange ho "Odden-cup", etter eldsjela Odd-Arne "Odden" Seljeset i Flø IL.

Turneringa startar fredag ettermiddag og avsluttast eit stykke ut på laurdagen.

16 herrelag og åtte damelag deltek. Alle får spele minst tre kampar.

Hareid har med flest lag av alle; fem - fordelt på tre herrelag (eitt junior) og to damelag. Hasundgot og Åram stiller også med tre lag kvar.

I tillegg til vanlege idrettslag er også bedrifta Island Offshore og SUFH (folkehøgskulen) representerte.

Åram vann herreklassen både i 2012 og 2011. Regjerande meistrar i dameklassen er Bergsøy.

Gruppeinndeling:

Menn 1: Hareid 5, Haddal 1, Tjørvåg, Gjerdsvik/Moltu 1.

Menn 2: Åram 1, Island Offshore, SUFH, Haddal 2.

Menn 3: Gjerdsvik/Moltu 1, Flø, Åram 2, Hareid 3.

Menn 4: Hasundgot, Hareid 4, Kvamsøy, Gurskøy/Flø 2.

Kvinner 1: SUFH, Hasundgot 1, Larsnes, Hareid 2.

Kvinner 2: Bergsøy, Hareid 1, Åram/Kvamsøy, Hasundgot 2.