Onsdag kveld skreiv smp.no at Brattvåg ville leggje inn ein protest etter 4-1-tapet mot Hødd. Protesten hadde sitt opphav i at Joachim Magnussen stod oppført med eitt draktnummer i kamprapporten og eit anna på det såkalla grunnlagsskjemaet.

I ei felles pressemelding på Brattvågs heimeside heiter det at:

"Klubbane har vore i dialog etter kampen, og årsaka til at Brattvåg ville sjekke saka nærare hadde bakgrunn i at Joachim Magnussen var ført opp med drakt nummer 11 i grunnlagsskjemaet, mens det riktige skulle vere nummer 10, men nokon protest vil ikkje kome frå Brattvåg si side, slår daglig leiar Olav A. Austbø fast.

I den elektroniske og offisielle kamprapporten er alt heilt 100% riktig, og Joachim Magnussen står der oppført med drakt nr. 10.

Klubbane har hatt ein god og konstruktiv dialog etter kampen, og er skjønt einige om at dette ikkje bør overskygge den fine fotballopplevelsen som ca 500 tilskodarar fikk med seg i Brattvågen".

Les også:

* - Typisk 1. runde

* LGFK heldt unna ei stund