– Hødd borte var den verste trekninga ... eller, det var vel ikkje trekning. Men det var eit veldig vanskeleg oppsett for oss i tredje runde. Eg veit alt om å møte Hødd borte. Eg har tapt der sjølv, seier Ole Gunnar Solskjær.

Det var i 1995 Hødd vann 2–0 heime mot Molde i 4. NM-runde. Solskjær var ein av dei tre S-ane i Molde-angrepet som gjorde det så godt i serien det året (dei andre var Ole Bjørn Sundgot og Arild Stavrum). Men i cupen vart det altså full stopp på Høddvoll. Tommy Sylte scora begge måla i ein kamp mange reknar som ein av dei beste Hødd har spelt nokon gong.

– Dårleg dekke

Vi møtte Solskjær etter Moldes 4-0-siger mot Hønefoss laurdag. Molde-trenaren er budd på at Høddvoll-matta kan skape vanskar for eit Molde-lag som liker best å trille ball langs bakken, for å så kome i hundre når kontringssjansane byr seg.

– Det er eit veldig dårleg dekke på bana der. Vi må vere budde på at ballen ofte blir å finne over bakkenivå. Eg var til stades då Hødd spelte mot Kristiansund nyleg, og eg har også sett dei på TV. Hødd ligg kompakte bakover, og eg veit jo at dei har spesielt 2–3 veldig gode spelarar. Då tenkjer eg på høgresida med Helland (Pål André) og backen (Akeem Latifu), i tillegg til Sandal (Erik), forklarer Ole Gunnar Solskjær.

Molde i betring

Etter ein svak vårsesong har Molde retta ein del på inntrykket i mai med sigrar mot Aalesund og Hønefoss, i tillegg til uavgjort borte mot Rosenborg. Men Solskjær nektar å oppsummere vårsesongen endeleg før Hødd-kampen er unnagjort.

– Vi viste god innsats mot Rosenborg og spelte ein god kamp mot Hønefoss. Men det einaste som betyr noko no er onsdagens cupkamp mot Hødd, varslar den tidlegare Manchester United-spissen.

Neppe Nyland

Mange håper kanskje å få sjå fjorårets Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland for Molde onsdag. Han har den siste tida vore fast førstekeeper for romsdalingane. Men slik vi tolkar Solskjær er det lite truleg at Nyland får sjansen mot gamleklubben.

– Vi har jo også ein som pratar svensk som gjerne har lyst til å spele den kampen, seier Molde-trenaren.

Og siktar til Ole Söderberg, som Nyland har konkurrert ut av serielaget.

Sparer landslagsspelarane?

Det er også usikkert om dei andre Molde-spelarane som skal til U21-EM i juni får speletid på Høddvoll. Ein av dei er Magnus Wolff Eikrem.

– Eg gler meg til U21-EM, men først skal eg konsentrere meg om cupkampen mot Høddvoll, sa Eikrem etter Hønefoss-kampen.

– Men du trur ikkje du blir spart med tanke på U21-EM?

– Det bestemmer Ole Gunnar, men eg tar i alle fall utgangspunkt i at eg spelar mot Hødd, svarte Molde-strategen.

I tillegg til Nyland og Eikrem er også Jo Inge Berget og Martin Linnes med i Norges EM-tropp.

Uansett om desse spelar eller ei blir det mange profilar å finne på Høddvoll-matta onsdag. Både Daniel Berg Hestad (kvile) og Magne Hoseth (karantene) stod over mot Hønefoss. Sidan Solskjær liker å rullere på laget tippar vi begge startar mot Hødd.

PS. Fleire medlemmer av Molde sitt trenarapparat var å sjå på Høddvoll under søndagens kamp mot Mjøndalen, men ikkje Ole Gunnar Solskjær.

PS 2. Seriekampen mellom Hødd og Molde på Høddvoll i 1995 enda 2-2. Solskjær stod for begge dei målgjevande Molde-pasningane.