– Molde er sjølvsagtfavorittar. Det seier seg sjølv. Dei har eit heilprofesjonelt opplegg. Hadde vifått ein motstandar som i tilsvarande runde i fjor (Sarpsborg 08) hadde egkanskje følt vi var favorittar. Men Molde skal ikkje få noko gratis, varslar midtbanestrategSivert Heltne Nilsen.

– Annan planet

Og får støtte av far ogtrenar Lars Arne.

- Molde er på ein annanplanet enn oss. Dei har dobbelt sett med spelarar og har eit budsjett som viikkje er i nærleiken av. Molde bør knuse oss enkelt, men vi har overraska førog vi har tenkt å gjere eit skikkeleg forsøk, fortel Nilsen.

Han vedgår samtidig atHødd må heve seg i høve Mjøndalen-kampen for å ha ein realistisk sjanse tilavansement.

- Ball i hatt?

Mot Mjøndalen la Hødd segetter kvart ganske lågt i bana. Kan det vere ein måte å ta Molde på?

- Eg trur ikkje vi kanspele slik mot Molde også. Dei skal i utgangspunktet vere eit betre lag ennoss. Men når vi møter gode lag spelar vi ofte ball i hatt med dei. Det skal blispennande å sjå korleis vi klarer oss mot Molde. Sjølv vil eg ikkje tippeutfallet, smiler stoppar og formspelar Steffen Moltu.

Sannsynleg Hødd-lag:

Andreas Lie - Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Victor Grodås - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Tidlegare møtemellom laga:

Offisielle kampar1994-2009:

* 1994: Molde - Hødd 2-1 (1.-divisjon)

* 1994: Hødd - Molde 3-0 (1.-divisjon)

* 1995: Molde - Hødd 7-2(Tippeligaen)

* 1995: Hødd - Molde 2-0(NM 4. runde)

* 1995: Hødd - Molde 2-2(Tippeligaen)

* 2002: Hødd - Molde 1-0(NM 3. runde)

* 2009: Hødd - Molde 0-2(NM 2. runde)

Treningskampar sidan2006 (der Molde har stilt med noko lunde toppa lag):

* 2006: Hødd - Molde 1-1

* 2006: Molde - Hødd 2-0

* 2007: Molde - Hødd 3-0

* 2008: Molde - Hødd 4-2

* 2009: Molde - Hødd 2-3 * 2011: Molde - Hødd 3-0

PS. Hødd slo også ut Molde frå NM i1986. Åge Hareide spelte på Molde den gongen.

Les også:

* Solskjær fryktar Høddvoll* Ertsås mot gamleklubben