Nye Høddvoll ser ut til å verte noko dyrare enn først antyda og administrasjonen har no lagt fram ei tilråding for Ulstein formannskap, som også vil verte teke opp ved neste kommunestyremøte om å godkjenne ei utviding av investeringsrammene for prosjektet.

I fylgje tilrådinga frå rådmannen i Ulstein kommune, ynskjer ein å utvide investeringsrammene opp til 50 millionar kroner, eksklusiv meirverdiavgift.

Av saksdokumenta går det fram at det godkjende forprosjektet ein har arbeidd utifrå inneheld investeringsrammer på 50 millionar kroner inklusive meirverdiavgift, eller 42 millionar kroner eksklusive meirverdiavgifta.

– Skal vere framtidsretta

Då forprosjektet vart godkjent var det faktorar som endå ikkje var kjende, mellom anna var det ikkje valt system for undervarme, og det har vorte arbeidd med justeringar av flomlys og løysingar for tribunesida.

Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset fortel at den nye kalkylen er i tråd med anbodet og at finansieringa no skal vere i orden, så sant dei auka kostnadsrammene vert godkjende i kommunestyret 20. juni.

– Det har vore nokre ynskjer frå Hødd for å sikre at dette er eit anlegg som skal vere mest mogeleg framtidsretta, men det har ikkje vorte ein stor auke i forhold til forprosjektet, seier Arset.